London Science Museum

Science Museum i London er eit stort museum for naturvitskap og teknologi ved Exhibition Road i South Kensington i London. Det blei oppretta i 1857 og er i dag ein av dei største turistattraksjonane i London med 2,7 millioner vitjande årleg.[1]

Science Museum

StadLondon
Skipa1857
Nettstadhttp://www.sciencemuseum.org.uk/
Kart
London Science Museum
51°29′51″N 0°10′29″W / 51.4975°N 0.17472222222222°W / 51.4975; -0.17472222222222

Som andre offentleg finansierte nasjonale museum i Storbritannia er vitskapsmuseet gratis å vitja, men midlertidige utstillingar kan ha tilgangsavgift. Museet er ein del av Science Museum Group (SMG)[2] etter å ha blitt slått saman med Vitskaps- og industrimuseet i Manchester i 2012.[3]

Museet blei grunnlagd i 1857 med Bennet Woodcroft som leiar. Samlinga blei gjeven av Royal Society of Arts og overskotslageret til Verdsutstillinga i London i 1851. I byrjinga var det del av South Kensington Museum saman med Victoria and Albert Museum, men det blei skild ut som Museum of Patents i 1858 og Patent Office Museum i 1863. I 1865 fekk den vitskaplege og teknologiske samlinga sitt noverande namn, medan kunstsamlinga blei overført til Victoria and Albert. Patent Office Museum fortsette som ei eiga eining til 1909, då det blei innlemma i Science Museum.

Museet har meir enn 300 000 gjenstander i samlinga, med flere berømte utstillingsobjekt som Stephenson-lokomotiva The Rocket, Puffing Billy, den første jetmotoren, ein rekonstruksjon av Francis Crick og James Watson sin DNA-modell, nokre av dei eldste bevarte dampmaskinane, eit fungerende eksemplar av Charles Babbage sin Difference engine og den første prototypen på titusenårsklokka Clock of the Long Now. Henry Wellcome si medisinhistoriske samling høyrer også til her.

I tillegg til museumsdriften er Science Museum ein internasjonalt anerkjent forskingsinstitusjon. Biblioteket var fram til 1960-åra nasjonalbibliotek for naturvitskap, medisin og teknologi Storbritannia. Det blir drive saman med biblioteket til Imperial College London.

Kjelder

endre
  1. 2 989 000 (2012): «Visits made in 2012 to Visitor Attractions in Membership with ALVA». Association of Leading Visitor Attractions.
  2. «Science Museum Group - About us», Science Museum Group
  3. «Manchester's MOSI and London's Science Museum to merge». BBC News. 2. desember 2011.

Bakgrunnsstoff

endre

51°29′51″N 0°10′29″W / 51.49750°N 0.17472°W / 51.49750; -0.17472

  NODES
Association 1
INTERN 1