Louis-Joseph de Montcalm
Louis-Joseph de Montcalm-Gozon, Marquis de Saint-Veran (28. februar 1712–14. september 1759) var kommandant for dei franske styrkane i Nord-Amerika under sjuårskrigen eller den franske og indianske krigen, som krigsskodeplassen i Nord-Amerika vart kalla.
Louis-Joseph de Montcalm | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 28. februar 1712 Nîmes |
Død |
14. september 1759 (47 år) |
Yrke | militær |
Språk | fransk |
Far | Louis de Montcalm |
Mor | Marie Louise de Lauris |
Louis-Joseph de Montcalm på Commons |
Montcalm vart fødd nær Nîmes i Frankrike i ein adelsfamilie og gjekk tidleg inn i militæret. Han var i teneste under den polske arvefølgjekrigen og den austerrikske arvefølgjekrigen, der han utmerkte seg og vart forfremma til brigadesjef. I 1756 sendte kong Ludcig XV han til Ny-Frankrike og leia forsvaret mot britane under sjuårskrigen. Montcalm oppnådde ein del suksess i 1756 og 1757, men britane mobiliserte store troppar mot Ny-Frankrike i 1758-1759, og det enda med at Montcalm vart slått og mista livet i Quebec og at franskmennene i 1760 mista Ny-Frankrike.
Montcalm var ein kontroversiell person og avgjerslene hans ved Quebec har vorte kritiserte av militærhistorikarar. Han vart mykje minna i Frankrike, Quebec og delar av New York.
Slag han deltok i
endreDen polske arvefølgjekrigen
endre- Omleiringa av Kehl (1733)
- Omleiringa av Philippsburg (1734)
Den austerrikske arvefølgjekrigen
endre- Omleiringa av Praha (1742).
- Slaget ved Piacenza (1746) - der han vart teken til fange.
- Slaget ved Assietta (1747) - skadd av geværeld
- Omleiringa av Ventimiglia (1747)
Den franske og indianske krigen
endre- Slaget ved Fort Oswego (1756)
- Slaget ved Fort William Henry (1757)
- Slaget ved Carillon - rekna som den største sigeren hans, der han slo ein britisk styrke på meir enn 16 000 mann med færre enn 4000 mann.
- Slaget ved Beauport (1758)
- Slaget ved Abrahamslettene (1759) - franskmennene tapte og Montcalm vart drepen av ei geværkule.
Minnesmerke
endreFire fartøy i den franske marinen har vorte kalla opp etter han opp gjennom åra, den siste ein F70 fregatt frå 1975.
Mange stader og landemerker er kalla opp til ære for Montcalm. Mellom anna:
- Montcalm vidaregåande skule i London i Ontario;
- Rue Montcalm i Hull i Quebec;
- Montcalm Street, Detroit i Michigan;
- Montcalm County i Michigan;
- Montcalm Street, Ticonderoga i New York;
- Montcalm Avenue, Buffalo i New York.
- Montcalm Park, Oswego i New York, der Fort Oswego tidlegare låg
- Montcalm Avenue (opphavleg Avenue du Montcalm) i den historisk fransk byen Plattsburgh i New York
- Montcalm vidaregåande skule i Montcalm i West Virginia
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Louis-Joseph de Montcalm» frå Wikipedia på engelsk, den 1. januar 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Anderson, Fred (2005). The War that made America. New York: Viking. ISBN 0-670-03454-1.
- Casgrain, Henri Raymond (1905). Wolfe and Montcalm. Morang. OCLC 192112046.
- Chartrand, René (2000). Ticonderoga 1758: Montcalm's Victory Against All Odds. Oxford: Osprey Publishing. ISBN 1-84176-093-5.
- Sommervogel, Carlos (1872). Comme on servait autrefois: le marquis de Montcalm, le maréchal de Bellefonds (på fransk). J. Albanel. OCLC 25446420.