Lowell
Lowell er ein by nordaust i delstaten Massachusetts i USA med 115 000 ibuarar i 2020. Byen er eitt av to fylkessete i det folkerike Middlesex County.
Lowell | |||
by | |||
Land | USA | ||
---|---|---|---|
Stat | Massachusetts | ||
Fylke | Middlesex County | ||
Del av | New England | ||
Areal | 37,629989 km² | ||
Folketal | 115 554 (1. april 2020)[1] | ||
Lowell 42°38′22″N 71°18′53″W / 42.639444444444°N 71.314722222222°W | |||
Wikimedia Commons: Lowell, Massachusetts |
Lowell vart grunnlagt i 1826. Byen vert rekna som ein av opphavsstadene til den USA-amerikanske industrien gjennom si sentrale rolle i utviklinga av klede og tekstilar. Dei mange tekstilfabrikkane er lenge sidan nedlagt, men mange av dei historiske produksjonsstadene er bevart.
Målaren James Whistler og skodespelaren Bette Davis var begge frå Lowell.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lowell, Massachusetts» frå Wikipedia på engelsk, den 1. mai 2023.
Bakgrunnsstoff
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «QuickFacts»; arkiveringsdato: 11. januar 2023; undertittel: Lowell city, Massachusetts; vitjingsdato: 11. januar 2023; arkiv-URL: https://web.archive.org/web/20230111164803/https://www.census.gov/quickfacts/fact/table/lowellcitymassachusetts/PST045221.