Lunasjon er perioden for fasevekslinag til månen, tida frå ein nymåne til den neste.

I år 2000 var middellengda for ein lunasjon 29,530588 dagar (eller 29 dagar, 12 timar, 44 minutt og 3 sekund). Lengda på ein synoidsk månad kan varierer frå 29,26 til 29,80 dagar på grunn av perturbasjonseffektar som tyngdekrafta til sola har på den eksentriske banen til månen.[1]

Lengda på lunasjonen er knytt til mange fenomen i naturen, som variasjonar mellom spring- og nippflo.

I månekalenderen samsvarar kvar månad med ein lunasjon.

Kjelder

endre
  1. Espenak, Fred. «Six Millennium Catalog of Phases of the Moon». NASA Eclipse Web Site. NASA. Arkivert frå originalen 13. august 2013. Henta 13. august 2013. 
  NODES