Maiblomsten
Maiblomsten er ei lita, blomsterforma nål til å sette på jakkeslaget eller liknande. Maiblomsten oppsto i Sverige etter en idé av Beda Hallberg, og har vore seld i Sverige sidan 1907. Norske Kvinners Sanitetsforening (N.K.S.) tok til med sal av Maiblomsten i Noreg i 1909, seinare vart han seld i samarbeid mellom N.K.S. og Nasjonalforeningen for folkehelsen. Blomen blir også seld i Finland og Estland.
Rosenknop.
M. B. Landstad
«MAIBLOMSTEN 1915» (tredje verset) |
Sal i Noreg
endreMaiblomsten har alltid vore relativt billeg. På slutten av 1960-talet kosta han 50 øre. Seljarane fekk 10 % provisjon. I dag kostar han 5 kr.
Maiblomsten har tilført N.K.S. og Nasjonalforeningen relativt store inntekter. I perioden 1909-2009 skal det reine kronebeløpet (ikkje inflasjonsjustert) vere på om lag 150 millionar kroner. I dei første åra vart inntektene nytta i kampen mot tuberkulosen. Etter krigen gjekk inntektene til ulike tiltak for å attreise folkehelsa.
I dag går inntektene av salet til prioriterte satsingsområde for NKS, som til forsking på kvinnehelse og arbeid for barn og unge. Inntektene blir nytta både til nasjonale og lokale tiltak.
Bilmaiblome
endreBilmaiblomen er ein maiblome for bilar. Denne er om lag 10 cm stor og kan anten festast i frontrutespegelen eller på grillen frampå bilen. Dei har komme i to fargekombinasjonar; raud og blå, og gul og grøn.
Litteratur
endreTil maiblomsten i 1915 vart eit dikt av M. B. Landstad trykt på rekameplakatane Til kamp mot tuberkulosen.
Et frø som falt i hjertenes jord
Herman Wildenvey
|
Herman Wildenvey har skrive eit hyllingsdikt til Beda Hallberg og Maiblomsten.
Kjelder
endre- Om Maiblomsten på NKS Arkivert 2012-01-28 ved Wayback Machine.
- Årets maiblomster Arkivert 2016-03-04 ved Wayback Machine.
- Maiblomsten på Riksarkivet Arkivert 2014-02-25 ved Wayback Machine.
- Denne artikkelen bygger på «Maiblomsten» frå Wikipedia på bokmål, den 12. mai 2013.
Bakgrunnsstoff
endre- Majblomman. Offisell svensk nettstad.