Mandsjuar er eit tungusisk folk i Mandsjuria i det nordaustlege Kina, ein av Kinas 55 erkjende minoritetar. Dei tel om lag 10 millionar menneske (2000). Deira tradisjonelle språk er mandsjuisk, men i dag nyttar berre nokre titalt dette språket. Mandsjuane overvann Ming-dynastiet på 1600-talet, tok makta over Kina og innleia Qing-dynastiet i 1644. Dynastiet bestod til revolusjonen i 1911 styrta keisardømmmet.

Baturu Zhanyinbao, ei av Qianlong-keisaren sine livvakter (1760).

Mandsjuane var mellom dei opphavlege innbyggarane i Mandsjuria og høyrer til den mandsju-tungusiske greina av den altaiske folke- og språkstamma. Mandsjuspråket var under Qing-dynastiet det offisielle språket for hoffet og den høgre administrasjonens i det keisarlege Kina. Alle embetsmenn måtte kunne mandsjuspråket, men dette gjekk likevel gradvis ut av bruk til fordel for mandarin. Mandsjuane såg på det tungusiske jursjenfolket som sine eldste forfedrar. Etter kinesiske kjelder budde jusjentidleg på 900-talet mellom elvane Amur i nord og Sungari i vest, og var då underordna khitanarane, eit folk som truleg òg var av tungusisk opphav.

I 1114 vann jursjenfolket sjølvstende og erobra under hovdingen Aguda og hans dynasti, «Jin» (gull), og deretter heile det store khitanriket (heile austre Sentralasia og ein del av Nord-Kina) samt andre delar av Kina, med sjølve hovudstaden Nanjing. Etter Djengis Khan erobra Kina i 1215, vende ettermennene hans seg mot jursjenfolket. Jin-dynastiet vart styrta i 1234, og jursjenstammene vart trengt nordover til Liaodong, sør i det seinare Mandsjuria.

Tidleg på 1600-talet kom det opp ein hovding, Nurhaci, mandsjuarane sin nasjonalhelt. Han samla om seg fleire andre nærslekta stammer under det felles navnet mandsju og gjorde seg i 1616 uavhengig av Ming-dynastiet i Kina. Etterfølgjarane hans tok Beijing i 1644 og gjorde sjuårige Shunzi til keisar. Kort tid etter var heile det kinesiske riket erobra av mandsjuane sitt dynasti Qing, som bestod til 1911.

Størstedelen av mandsjuane var for det meste eit bufast, jordbruks- og handverksorientert folk. Dei gjekk over til buddhismen. Berre nokre få nordlege stammer, solonar, daurar og andre, heldt fast ved si gamle sjamanisme og sitt nomadiske levesett. Militært sett var mandsjuane inndelt i åtte banner.

Etter revolusjonen i 1911 mista mandsjuane si særstilling som privilegert gruppe og vart utsett for eit hardt assimilasjonstrykk.

Bakgrunnsstoff

endre

Kjelder

endre
  • Elliott, Mark C. The Manchu Way: The Eight Banners and Ethnic Identity in Late Imperial China. Stanford, CA: Stanford University Press, 2001.
  • Rhoads, Edward J. M. Manchus & Han: Ethnic Relations and Political Power in Late Qing and Early Republican China, 1861-1928. Seattle, WA: University of Washington Press, 2000.

  NODES
os 1