Margorabbia er ei elv i Lombardia i Italia og ei av sideelvane til Tresa eit par hundre meter før ho munnar ut i Lago Maggiore

Margorabbia
elv
Land  Italia
Kjelde Valganna
Munning Tresa
Kart
Margorabbia
45°59′35″N 8°43′57″E / 45.992961111111°N 8.7323805555556°E / 45.992961111111; 8.7323805555556
Wikimedia Commons: Margorabbia

Ho har sitt utspring nær Valganna. Etter å ha passert fleire mindre innsjøar, inkludert Gannasjøen og Ghirlasjøen, held ho fram gjennom foten av Alpane i provinsen Varese fram til nær Cunardo der ho forsvinn i grottesystema Pont Niv, Antro dei Morti, Grotte di Villa Radaelli og Grotte del Traforo.

Ho dukkar opp igjen nær Ferrera di Varese og renn gjennom Valtravaglia og kommunane Grantola, Mesenzana og Germignaga. Elva har mange sideelvar og dei viktigaste er Rancina, Boesio og Gesone frå venstre, og Boggione, Lisascora og Grantorella frå høgre.

På grunn av dei våte og karstiske områda ho renn gjennom har Margorabbia generelt høg vassføring og tørkar ikkje opp like ofte som mange av elvane i Italia gjer. Stundom oppstår det brå flaumar i elva, som stundom har øydelagd bruer eller ført til storflaum i Valtraviglia. I dag er det bygd mange kunstige diker for å hindre flaum i dei mest utsette områda.

Kjelder

endre
  NODES