McCartney av Paul McCartney
McCartney Studioalbum av Paul McCartney | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 17. april 1970 | |
Innspelt | Desember 1969–februar 1970 | |
Studio | Heime hos McCartney i St John's Wood; Morgan Studios i Willesden; Abbey Road Studios i London | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 35:03 | |
Selskap | Apple | |
Produsent | Paul McCartney | |
Paul McCartney-kronologi | ||
---|---|---|
McCartney | Ram (1971)
|
McCartney er det første soloalbumet til den engelske rockeartisten Paul McCartney. Det vart gjeve ut på Apple Records i april 1970 etter McCartney hadde motstått forsøk frå bandkollegaene sine i The Beatles om å utsette utgjevinga til etter dei tidlegare planlagde utgjevingane på Apple, mellom anna The Beatles sitt Let It Be. McCartney spelte inn albumet sitt i ei tid med depresjon og forvirring etter at John Lennon i september 1969 fortalte bandet at han ville slutte i Beatles, og konflikten internt i bandet vart verre då McCartney gav ut dette albumet. Ei pressemelding i form av eit sjølv-intervju, i lag med eksemplar av McCartney, førte til kunngjeringa om at The Beatles var oppløyst den 10. april 1970.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Christgau's Record Guide | B[2] |
Consequence of Sound (reissue) | B[3] |
Encyclopedia of Popular Music | [4] |
The Essential Rock Discography | 6/10[5] |
MusicHound | 3.5/5[6] |
Pitchfork Media (reissue) | 7.9/10[7] |
Record Collector | [8] |
The Rolling Stone Album Guide | [9] |
McCartney spelte inn albumet i løyndom, og brukte enkelt heimeopptaksutstyr i huset sitt i St John's Wood. Miksing og nokre seinare innspelingar fann stad i profesjonelle studio i London, som McCartney leigde under eit alias for å halde seg anonym. Utanom enkelte bidrag frå kona si, Linda, spelte han inn heile albumet på eiga hand, og spelte alle instrumenta sjølv. Med laust arrangerte songar i staden for ein polert produksjon, var McCartney eit døme på å gå attende til det enkle, på liknande måte som Let It Be-innspelinga hadde vore i 1969.
Då albumet kom ut fekk det negative meldingar frå dei fleste kritikarane, delvis fordi albumet førte til at Beatles offisielt vart oppløyst. Mange skribentar kritiserte at McCartney hadde teke med halvferdige songar og instrumentale stykke, sjølv om kjærleikssongen «Maybe I'm Amazed» vart utpeikt som ein bra song. Publisiteten som albumet fekk i samband med oppløysinga til The Beatles gjorde at det selde godt, og det låg tre veker på toppen av den amerikanske Billboard-lista og nådde andreplassen i Storbritannia. I juni 2011 vart albumet gjeve ut på ny som ein del av Paul McCartney Archive Collection.
Innhald
endreAlle songar er skrivne av Paul McCartney.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «The Lovely Linda» | 0:43 |
2. | «That Would Be Something» | 2:38 |
3. | «Valentine Day» | 1:39 |
4. | «Every Night» | 2:31 |
5. | «Hot as Sun/Glasses» | 2:05 |
6. | «Junk» | 1:54 |
7. | «Man We Was Lonely» | 2:56 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
8. | «Oo You» | 2:48 |
9. | «Momma Miss America» | 4:04 |
10. | «Teddy Boy» | 2:22 |
11. | «Singalong Junk» | 2:34 |
12. | «Maybe I'm Amazed» | 3:53 |
13. | «Kreen - Akore» | 4:15 |
2011-utgåva
endreI juni 2011 kom McCartney ut i fleire utgåver:
- Standardutgåve 1-CD; det originale albumet
- Spesialutgåve 2-CD; det originale albumet på ei plate, pluss sju bonusspor på den andre plata[10]
- Luksusutgåve 2-CD/1-DVD; i tillegg til innhaldet frå spesialutgåva kom ei bok med 128 side med bilete som ikkje var publisert før og ny tekst[11]
- Nymstra vinyl 2-LP med innhaldet frå spesialutgåva[12]
Plate 2 – bonusspor
endreIngen av spora var gjevne ut før.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Suicide» | 2:48 |
2. | «Maybe I'm Amazed» (frå One Hand Clapping, 1974, med Wings) | 4:53 |
3. | «Every Night» (konsertopptak frå Glasgow, 1979, med Wings) | 4:30 |
4. | «Hot as Sun» (konsertopptak frå Glasgow, 1979, med Wings) | 2:27 |
5. | «Maybe I'm Amazed» | 5:11 |
6. | «Don't Cry Baby» | 3:07 |
7. | «Women Kind» (demo - mono) | 2:09 |
Plate 3 – DVD
endre- «The Album Story»
- «The Beach»
- «Maybe I'm Amazed» (Music video)
- «Suicide» (From One Hand Clapping, 1974)
- «Every Night» (Live at the Concert for the People of Kampuchea, 1979)
- «Hot as Sun» (Live at the Concert for the People of Kampuchea, 1979)
- «Junk» (MTV Unplugged, 1991)
- «That Would Be Something» (MTV Unplugged, 1991)
Medverkande
endre- Paul McCartney – vokal, akustisk and elektrisk gitar, bass, trommer, piano, orgel, perkusjon, Mellotron, xylofon
- Linda McCartney – harmonivokal
Salslister
endreVekeslister
|
|
Årslister
|
Salstrofé
|
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «McCartney (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 17. mai 2018.
- ↑ Erlewine, Stephen Thomas. «Paul McCartney McCartney». AllMusic. Henta 17. mai 2018.
- ↑ Christgau, s. 248.
- ↑ Halle, Karina (21. juni 2011). «Paul McCartney – McCartney [Reissue]». Consequence of Sound. Henta 17. mai 2018.
- ↑ Larkin, s. 1257.
- ↑ Strong, Martin C. (2006). The Essential Rock Discography. Edinburgh, UK: Canongate. s. 696. ISBN 978-184195-827-9.
- ↑ Graff & Durchholz, s. 730.
- ↑ Tangari, Joe (15. juni 2011). «Paul McCartney: McCartney / McCartney II Album Review». Pitchfork Media. Henta 17. mai 2018.
- ↑ «Paul McCartney McCartney CD». CD Universe/Muze. Henta 17. mai 2018.
- ↑ «Paul McCartney: Album Guide». rollingstone.com. Arkivert frå originalen 4. juli 2014. Henta 17. mai 2018.
- ↑ «Paul McCartney – McCartney (CD, Album)». discogs.com. Henta 17. mai 2018.
- ↑ «Paul McCartney – McCartney (CD, Album)». discogs.com. Henta 17. mai 2018.
- ↑ «Paul McCartney – McCartney (Vinyl, LP, Album, LP)». discogs.com. Henta 17. mai 2018.
- ↑ 13,0 13,1 Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970-1992. St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6.
- ↑ «Top Albums/CDs - Volume 13, No. 14_15» (PHP). RPM. 6. juni 1970. Henta 17. mai 2018.
- ↑ 15,0 15,1 «dutchcharts.nl Paul McCartney - McCartney». dutchcharts.nl. MegaCharts. Henta 17. mai 2018.
- ↑ «InfoDisc : Tous les Albums classés par Artiste > Choisir Un Artiste Dans la Liste». infodisc.fr. Arkivert frå originalen 28. desember 2010. Henta 17. mai 2018.
- ↑ «Hit Parade Italia - Gli album più venduti del 1982» (på italiensk). hitparadeitalia.it. Henta 17. mai 2018.
- ↑ Oricon Album Chart Book: Complete Edition 1970–2005. Roppongi, Tokyo: Oricon Entertainment. 2006. ISBN 4-87131-077-9.
- ↑ «norwegiancharts.com Paul McCartney - McCartney». VG-lista. Henta 17. mai 2018.
- ↑ Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2.
- ↑ «Swedish Charts 1969–1972 (in PDF-files)» (PDF) (på svensk). Hitsallertijden. Henta 17. mai 2018.
- ↑ «Paul McCartney: Artist: Official Charts». Official Chart Company. Henta 17. mai 2018.
- ↑ 23,0 23,1 «McCartney: Charts & Awards: Billboard Albums». allmusic.com. Henta 17. mai 2018.
- ↑ «Album Search: Paul McCartney - McCartney» (ASP) (på tysk). Media Control. Henta 17. mai 2018.
- ↑ «lescharts.com Paul McCartney - McCartney». lescharts.com. SNEP. Henta 17. mai 2018.
- ↑ ???·???????-????-ORICON STYLE-?????? «Highest position and charting weeks of McCartney (2011 reissues) by Paul McCartney» Check
|url=
value (hjelp). oricon.co.jp (på japansk). Oricon Style. Henta 17. mai 2018. - ↑ «spanishcharts.com - Paul McCartney - McCartney». Henta 17. mai 2018.
- ↑ Chart Log UK - New Entries Update 25.06.2011 (week 24)
- ↑ «Les Albums (CD) de 1970 par InfoDisc» (på fransk). infodisc.fr. Arkivert frå originalen (PHP) 9. februar 2012. Henta 4. mai 2011.
- ↑ «The Official UK Charts Company: ALBUM CHART HISTORY». Arkivert frå originalen 17. desember 2007. Henta 17. desember 2007.
- ↑ «Billboard.BIZ - TOP POP ALBUMS OF 1970». Henta 13. juli 2011.
- ↑ «American album salstrofé – Paul McCartney – Mc Cartney». Recording Industry Association of America. If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH
- ↑ «Canadian album salstrofé – Paul McCartney – Mc Cartney». Music Canada.