Mikhail Lermontov

Mikhail Jurijevitsj Lermontov (15. oktober 181427. juli 1841) var ein russisk forfattar, diktar og kunstmålar. Han var inspirert av Aleksandr Pusjkin og vert halden for å vere ein av Russlands største romantiske forfattarar. Det mest kjende verket hans er romanen Vår tids helt, utgjeven i 1839.

Mikhail Jurijevitsj Lermontov
(kyrillisk skrift Михаи́л Ю́рьевич Ле́рмонтов)

Mikhail Lermontov (1837) av Pjotr Zabolotskij
Pseudonym —въ, Ламвер, Гр. Диарбекир, Lerma
Statsborgarskap Det russiske imperiet
Fødd 3. oktober 1814
Moskva
Død

15. juli 1841 (26 år)
Pjatigorsk

Yrke lyrikar, omsetjar, kunstmålar, romanforfattar, skodespelforfattar, offiser, skribent, prosaforfatter, duellant
Språk russisk
Sjanger vers, forteljande lyrikk
Religion ortodoks kristendom
Far Yury Lermontov
Mor Mariya Arsenyeva
Signatur
Mikhail Lermontov på Commons

Lermontov vart fødd i Moskva, han var son av ein adelsmann. Han voks opp i landsbyen Tarkhany (i Penza-regionen). Faren var militær, som far hans før han. Mora døydde då sonen var tre år gammal. Lermontov voks for ein stor del opp hos mormora, faren var ofte lenge borte.

Lermontov vart oppseda i eit tradisjonelt, russisk adelsmiljø, der fransk språk var i ferd med verte erstatta av engelsk som kulturspråk. I sin tidlege barndom vart Lermontov undervist av ein fransk lærar. Bestemora fann det utilstrekkeleg og tok han med til Moskva, der guten kunne førebu seg til gymnaset. I Moskva vart Lermontov gjennom ein tysk lærar kjend med Goethe og Friedrich von Schiller sine verk. Kort etter, i 1828, byrja Lermontov på gymnaset. På gymnaset las han Aleksandr Pusjkins og Zjukovskijs dikting. Samstundes som han skreiv poesi, utvikla han ein hang til giftig satire. Evna hans til å teikne karikaturar passa med hans evne i å finne gode utnamn eller epigram.

Lermontov byrja i 1830 på Moskvas universitet. Faren hans døydde same sommaren. Etter å ha kjend seg framand overfor sonen, forlet faren heimen i Moskva og døydde kort etter. Faren sin død gjekk sterkt inn på Lermontov, noko som kjem fram i dikta «Tilgjev meg, møtest vi atter?» og «Farens og sonens forferdelege skjebne». Lermontovs tid på universitetet vart kort; han sat ofte i eit hjørne av auditoriet og las og deltok sjeldan i fellesskapen.

Lermontov forlét universitetet i 1832. Fram til 1834 gjekk han på kadettskulen i St. Petersburg. Etter ei tid vart han offiser ved garden. Under tida på kadettskulen byrja Lermontov for alvor å skrive poesi. Han var mykje interessert i russisk historie og mellomalderlege forteljingar som i «Kjøpmannen Kalasjnikovs song». Han skreiv dikt til byen Moskva og ein serie populære balladar. Harme andsynes aristokratiet førte med seg skodespelet Maskerade, skrive i 1835, men forbode å oppføre.

For å uttrykke sin harme over tapet av Aleksandr Pusjkin skreiv den unge soldaten i 1837 eit kjensleladd dikt. Den siste delen var opplagt vend mot sirklar ved hoffet, men ikkje mot sjølve tsaren. Utan å seie det med reine ord omtala han borgarskapet som ein klikk giftige, sjølvsentrerte skurkar, som «samla seg kring trona i ein grådig flokk», «bødlane som drep fridom, geni og stoltheit», og som snart må underkaste seg Guds straff. Diktet skar, som lyn frå klar himmel, gjennom den undertrykte atmosfæren i 1830-åras Russland.

Lermontov vart vist til Kaukasus der han var offiser i ein dragonstyrke. Som tiåring hadde han vore i Kaukasus med bestemor si, og han oppdaga at han kjende seg heime og følte meir for området enn han hugsa frå barndomen sin. Han var fascinert både over den barske livsførsla og ideala til dei fiendtlege stammane i fjella, og landskapet med stein og fjell. Mellom arbeid frå denne tida er det lange diktet «Borodino» (1837).

Lermontov vitja St. Petersburg i 1838. Han kom då i duell med sonen åt den franske ambassadøren. Lermontov vart atter send tilbake til krigen i Kaukasus, der han utmerkte seg i to slag nær elva Valerik. Han skreiv både eit dikt om, og måla eit bilete av slaget.

I 1839 fullførte Lermontov sitt viktigaste verk, «Vår tids helt», som skildrar ein duell maken til den som kosta han livet. Den 25. juli 1841 i Pjatigorsk utfordra hestegardeoffiseren Nikolaj Martynov Lermontov til duell, då han kjende seg karikert i «Vår tids helt». Duellen fann stad to dagar seinare ved foten av fjellet Masjuk. Lermontov vart drepen av Martynovs første skot. Fleire av dikta hans vart sidan oppdaga i notisboka hans.

 
Lermontov: Tblisi, 1837

Lermontovs tidlegaste dikt, som han sende rundt i manuskriptform til vener i militæret, var sterkt pornografiske med element av sadisme. Det seinare renommeet hans skulle kome til å lide av det; i ein stor del av 1800-talet var det ikkje tillate for unge kvinner frå borgarskapen å kjenne til Lermontovs poesi. Desse dikta er utgjevne ein einaste gong, i 1936, som ein del av ei vitskapleg utgåve av Lermontovs samla verk.

I løpet av livet gav Lermontov ut berre ei enkelt, tynn diktsamling (1840). Tre nye vart utgitt året etter han døydde, desse var sterkt redigerte av den russiske sensuren. Dei korte dikta varierer frå patriotiske stykke fulle av harme, som «Fedreland», til panteistiske naturskildringar.

Lermontovs tidlege dikt appellerer meir til unge menneske enn vaksne. Av den grunn har dei vore rekna for barnaktige, trass i den framifrå ordbruken. Men lik ein han ofte vert samanlikna med, Percy Bysshe Shelley, prøvde han å berrleggje dei mindre openberre grunnane til den misnøya han hadde, både til samfunnet og seg sjølv.

Både hans patriotiske og panteistiske dikt fekk stor innverknad på russisk litteratur. Til dømes tileigna Boris Pasternak i 1917 den beste diktsamlinga si til minnet om Lermontovs Demon, eit langt dikt med nokre av dei mest honningsøte ord, eit dikt som Lermontov fleire gongar omskreiv. Diktet, som ærar «ateismens evige ånd»s kjødelege lyster, var bannlyst i tiår. Anton Rubinstein sin opera over same emnet vart også forboden, då sensorane fann det både ugudeleg og dumt.

Kjelder

endre
  NODES
Idea 1
idea 1
todo 1