Eit nødnummer eller naudnummer er eit telefonnummer ein kan ringje for å koma i kontakt med offentleg hjelp i nødsituasjonar. Nødnumrene varierer frå land til land, men dei er ofte samansett av tre tal for at dei skal vera enkle å hugse. Dei fleste land har berre eitt nødnummer som dekker alle nødsituasjonar, mens nokre få, til dømes Noreg, har fleire. I så tilfelle er det vanleg at berre det siste talet varierer.

Nødnummer i Noreg

endre

Noreg bruker tre nødnummer, avhengig av kven du skal ha tak i. For å koma i kontakt med brannvesenet ringjer ein 110, for å koma i kontakt med Politiet ringjer ein 112, og for å koma i kontakt med ambulansetenesta ringjer ein 113.

Nødnummer globalt

endre

112 er standardnummeret for mobiltelefonar som bruker GSM-nettverket. 112 er også standardnummeret EU bruker.

  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
  NODES