Narew
Narew (gamalprøyssisk og litauisk Naura, belarusisk Нараў) er ei elv som renn i vestlege område av Belarus og nordaustlege delar av Polen. Ho er ei av sideelvene til Vistula og med ei lengd på 484 km (36 km i Belarus og 448 i Polen) er ho den femte lengste elva i Polen. Nedslagsfeltet er 75 175 km² (58 873 i Polen).
Narew | |||
elv | |||
Land | Belarus, Polen | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 75 175 km² | ||
Lengd | 484 km | ||
Kjelde | Belarus | ||
Munning | Vistula | ||
Narew 52°43′56″N 24°20′27″E / 52.7321°N 24.3409°E | |||
Wikimedia Commons: Narew |
Narew spring ut i Belarus og munnar ut i Vistula i Polen. Delen av elva mellom Zegrzereserovaret, der ho tek imot Vestre Bug, og Vistula, vert stundom kalla Narwio-Bug.
Byar og landsbyar
endreHistorisk
endre6. september 1939 prøvde den polske hæren å nytte Narew som forsvarslinje mot dei tyske angrepa under invasjonen av Polen i 1939. Forsvarslinja vart gjeve opp dagen etter og dei flytta bakover til Vestre Bug sidan dei tyske styrkane allereie hadde brote gjennom forsvaret.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Narew River» frå Wikipedia på engelsk, den 10. februar 2007.