Neckar
Neckar er ei elv i Hessen og Baden-Württemberg i Tyskland. Ho er ei av dei store sideelvane til Rhinen, som ho møter i Mannheim frå høgre, og har ei lengd på 367 km. Ho har sitt utspring i Schwarzwald nær Villingen-Schwenningen i det verna området Schwenninger Moos 706 meter over havet. Frå her renn ho gjennom Tübingen, Nürtingen, Esslingen, Stuttgart og Heilbronn.
Neckar | |||
elv | |||
Neckar nær Heidelberg.
| |||
Land | Tyskland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 13 934 km² | ||
Lengd | 362,3 km | ||
Middelvassføring | 145 m³/s | ||
Kjelde | Schwarzwald | ||
• høgd | 705 moh. | ||
Munning | Rhinen | ||
• høgd | 136 moh. | ||
Neckar 49°30′43″N 8°26′14″E / 49.511944°N 8.437222°E | |||
Wikimedia Commons: Neckar |
Langs elvedalen i Odenwald ligg det mange slott, som Burg Hornberg og Burg Guttenberg, men òg det nedlagde atomkraftverket Obrigheim, som ein skal rive ned før 2023. Etter å ha passert Heidelberg har Neckar ei vassføring på 145 m³/s i snitt, som gjer elva til den fjerde største sideelva til Rhinen, og den tiande største i Tyskland.
Namnet Neckar kom via Nicarus og Neccarus frå det keltiske ordet Nikros, som tyder «vill elv» eller «ein vill kar». Sidan om lag 1100 vart det transportert tømmer frå Schwarzwald på elva, t.d. til Nederland og skipsverfta der. På 1800-talet vart dei tradisjonelle hestedrivne taubåtane erstatta av dampskip som nytta ei 155 km lang kjede til å dra seg oppover elva. Jernbanen gjorde det mogeleg å transportere tømmer til hamna i Heilbronn, og tømmerfløting vart derfor berre drive med i dei nedre delane av Neckar etter 1899. På grunn av 11 sluser kunne skip på opp til 1 500 tonn gå opp til Heilbronn i 1935. I 1968 vart dei siste 27 slusene ved Deizisau ferdigstilt, slik at Neckar vart framkommeleg for lasteskip 200 km oppover elva frå Mannheim til elvehamna i Plochingen, der elva Fils munnar ut.
Det er populært å sykle langs elva, særleg i sommarmånadane. Dei bratte dalsidene vert nytta til dyrking av vindruer, hovudsakleg til å lage Trollinger.
Byar langs Neckar
endreFrå kjelda til munningen i Rhinen:
- Villingen-Schwenningen
- Rottweil
- Oberndorf am Neckar
- Sulz am Neckar
- Horb am Neckar
- Rottenburg am Neckar
- Tübingen
- Nürtingen
- Plochingen
- Esslingen (am Neckar)
- Stuttgart
- Ludwigsburg
- Freiberg am Neckar
- Benningen am Neckar
- Marbach am Neckar
- Besigheim
- Lauffen am Neckar
- Heilbronn
- Neckarsulm
- Bad Wimpfen
- Mosbach
- Eberbach
- Heidelberg
- Mannheim
Største sideelvar
endre- Eschach (frå venstre ved Rottweil-Bühlingen)
- Ammer (frå venstre ved Tübingen-Lustnau)
- Echaz (frå høgre ved Kirchentellinsfurt)
- Lauter (frå høgre ved Wendlingen)
- Fils (frå høgre ved Plochingen)
- Nesenbach (frå venstre ved Stuttgart-Ost)
- Rems (frå høgre ved Remseck)
- Murr (frå høgre ved Marbach)
- Enz (frå venstre ved Besigheim)
- Zaber (frå venstre ved Lauffen)
- Sulm (frå høgre ved Neckarsulm)
- Kocher (frå høgre ved Bad Friedrichshall)
- Jagst (frå høgre ved Bad Wimpfen)
- Elz (frå høgre ved Mosbach-Neckarelz)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Neckar» frå Wikipedia på engelsk, den 10. juni 2007.