New Democratic Party

New Democratic Party NDP er eit politisk parti i Canada med sosialdemokratiske og demokratisk-sosialistiske tendensar. Den demokratisk-sosialistiske venstresida i partiet er organisert i NDP Socialist Caucus.

New Democratic Party

LandCanada
Partileiar(ar)Thomas Mulcair
Grunnlagt3. august 1961
HovudkvarterOttawa
Medlemstal124 000 (2017)[1]
IdeologiSosialdemokrati Sjå dette på Wikidata

NDP blei danna i 1961 av Cooperative Commonwealth Federation CCF og Canadian Labour Congress CLC. NDP representerer venstresida i kanadisk politikk, mens Det liberale partiet representerer sentrum og Det konservative partiet høgresida.

NDP har røter i både bondepopulisme og sosialisme, er nært knytt til fagrørsla, og sjølv om partiet er sekulært, er det kjent for sitt langvarige tilhøve til kristne venstrekrefter. Føderal leiar for NDP er for tida Nycole Turmel etter at den førre leiaren Jack Layton frå Toronto døydde av kreft. Turmel er mellombels leiar, fram til nytt val i mars 2012[2].

Partiet har aldri hatt føderal regjeringsmakt, men har hatt innverknad på liberale mindretalsregjeringar, og har fått gjennom slike ting som rett til offentleg helsestell for alle, utvida arbeidsløysetrygd og indeksregulering av pensjonsutbetalingar.

NDP har derimot styrt fleire provinsar. Medlemmer av NDP er også aktive lokalt, og er blitt valde til ordførarar og allslags andre lokale verv. Eit døme er ordføraren i Toronto, David Miller.

Ved parlamentsvalet i 2004 fekk NDP tredje flest stemmer, etter dei konservative og dei liberale. Men partiet lir under valsystemet, som liknar på det britiske og dermed diskriminerer det tredje (eller fjerde) partiet, særleg viss stemmene deira er fordelte utover landet. Kampen for proporsjonal representasjon er eit viktig spørsmål for partiet.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  NODES
Done 1
News 1