Nils Jakob Skulstad Hoff (fødd 5. februar 1985 i Bergen) er ein norsk roar som representerer Fana Roklubb. Han er også medlem av Team Tufte.[1]

Nils Jakob Hoff
Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. februar 1985 (39 år)
Bergen
Idrett roing
Tok del i Roing under Sommer-OL 2012 – Dobbeltsculler menn, Roing under Sommer-OL 2016 – Singlesculler menn

Karriere

endre

Nils Jakob Hoff ror dobbelsculler saman med Kjetil Borch. Dei to rodde seg til ein fjerdeplass i VM ved Lake CarapiroNew Zealand i 2010.[2] Dette var Noregs beste prestasjon i roing sidan Olaf Tufte vann olympisk gull under sommar-OL 2008 i Beijing.[3] Dei representerte Noreg under sommar-OL 2012 i London, men greidde ikkje å kvalifisera seg frå semifinale til finalen.[4] Borch og Hoff gjekk deretter vidare til B-finalen, som dei vann[5] og enda på ein samanlagt sjuandeplass.[6]

Nils Jakob Hoff har også vore aktiv som harpist, og har delteke med harpa på NRK-programmet Kjempesjansen.[7]

Kjelder

endre
  NODES