Norske stavkyrkjer

Wikimedia-listeartikkel

Stavkyrkjer i Noreg er gjenverande og rekonstruerte stavkyrkjer, det vil seia trekyrkjer konstruerte med berande stavar (stolpar). Sjølv om slike trekyrkjer var vanleg i Nord-Europa i tidleg mellomalder, vart det i Noreg reist hundrevis av stavkyrkjer etter at stein tok heilt over andre stader og ein stor del av desse kyrkjene overlevde fram mot moderne tid.[1] Dei norske stavkyrkjene er dei viktigaste spora etter denne tidlege kristne trearkitekturen.[2] Stavkyrkjene er dei viktigaste og mest særmerkte av historiske bygg i Noreg.[3] No vert stavkyrkjene rekna for å vere mellom dei viktigaste representantar for nordeuropeisk mellomalderarkitektur i tre, og er representert ved Urnes stavkyrkjeUNESCO si verdsarvliste.[4]

Heddal stavkyrkje
Foto: J. P. Fagerback, 2005
Johannes Flintoe (1828) Heddal stavkyrkje, eit av dei eldste bileta av stavkyrkje.

Lista inneheld 28 stavkyrkjer som har overlevd frå mellomalderen. I tillegg blir det vist til Fantoft stavkyrkje som er ein rekonstruksjon av den nedbrende kyrkja, som i sin tur var ein rekonstruksjon av ei riven kyrkje, Vang kyrkje som i dag står i Polen og to av dei kyrkjene som blei bygd på 1600-talet med inspirasjon frå stavkyrkjene, Fåvang og Vågå. I tillegg finst det fleire kopiar og miniatyrar som ikkje er tatt med i denne lista. Uvdal kyrkje frå 1893 er bygd i dragestil.

Utbreiing og tapte stavkyrkjer

endre

I mellomalderen var det truleg over 1000 stavkyrkjer i Noreg (somme meiner det kan ha vore så mange som opp mot 2000[5] kyrkjer), men dei fleste forsvann i perioden 13501650, truleg som følgje av endra behov etter Svartedauen og reformasjonen. Omkring 900 av Noregs 1200 kyrkjer i mellomalderen var med stavkonstruksjon, resten var i stein. Etter reformasjonen i 1536 vart det i lang tid ikkje oppført nye kyrkjer i Noreg, og då det igjen vart trong om nye eller større kyrkjebygg vart dei bygd i tømmer med lafteteknikk.[1] Dei fleste nye kyrkjene på 1600-1700-talet vart oppført på bygdene og mange gamle stavkyrkjer vart utvida til korsform. Til dømes vart Flesberg stavkyrkje utvida med tverrskip i tømmer i 1735. Til dømes vart stavkyrkjene på indre Sunnmøre i løpet av 1700-talet erstatta av tømmerkyrkjer: Norddal kyrkje, Sunnylven kyrkje, Stordal gamle kyrkje og Stranda kyrkje. I 1650 var det rundt 270 stavkyrkjer att, og i neste hundreårsperiode forsvann 136 av desse. På 1700-talet vart det reist omkring 300 kyrkjer i Noreg, dei fleste avløyste gamle stavkyrkjer som var for små eller falleferdige.[6] Kring 1800 stod det fortsatt 95 stavkyrkjer, men over 200 var tidlegare stavkyrkjer kjent med namn eller i skriftlege kjelder (i følgje Lorentz Dietrichson). Frå 1850 til 1885 fall 32 stavkyrkjer, men sidan den gong har berre Fantoft stavkyrkje gått tapt.[1] I dag er det berre bevart 28 stavkyrkjer i Noreg.[7]

Dei eksisterande stavkyrkjene er konsentrert om dei øvre dalstroka på Austlandet (Gudbrandsdalen, Numedal, Hallingdal, Valdres og Telemark) og dei indre fjordstroka på Vestlandet. Unnatak er særleg dei to stavkyrkjene som er flytta til Bergen og Oslo, og Grip stavkyrkje som ligg på ei fråflytta øy i havet.[8] Eit kart over dei 322 stavkyrkjene som var kjent viser at det fantest stavkyrkjer mest i dei tynnast folkesette områda, medan det er mest steinkyrkjer i byane, på flatbygdene (Austlandet og Trøndelag), langs kysten og i dei største kyrkjesokna i fjordane på Vestlandet. Det var mest stavkyrkjer i fjelldalane og skogsbygdene, og i fiskevær på øyane og mindre fjordarmar. Der soknekyrkja var i stein, kunne annekset vere stavkyrkje.[1] Til dømes i Aurland er Vangen kyrkje i stein, dedan det er stavkyrkje i Undredal og det var truleg stavkyrkje i Flåm. Tilsvarande i Luster der Dale kyrkje er i stein, medan det var stavkyrkjer på Fortun (flytta til Fantoft) og på Nes.

Bevarte stavkyrkjer

endre

Buskerud

endre
Kyrkje Bilete Kommune Byggjeår Funksjon
Flesberg   Flesberg Etter 1111 Kyrkjelydskyrkje
Gol   Gol, no på Norsk folkemuseum, Oslo Etter 1216 Museumskyrkje
Nore   Nore og Uvdal Etter 1166–67
Rollag   Rollag Før 1482 Kyrkjelydskyrkje
Torpo   Ål Etter 1192
Uvdal   Nore og Uvdal Etter 1168
  • I tillegg kjem Gol nye stavkyrkje (oppført 1994), ein kopi av Gol stavkyrkje på Gol. På Savjord i Beiarn (Nordland) står også ein mindre kopi av Gol stavkyrkje (oppført frå 2005).

Hordaland

endre
Kyrkje Bilete Kommune Byggeår Funksjon
Røldal   Odda 1200-talet Kyrkjelydskyrkje

Møre og Romsdal

endre
Kyrkje Bilete Kommune Byggeår Funksjon
Grip   Kristiansund 1450-1500
Kvernes   Averøy 1350-1400
Rødven   Rauma ca. 1200

Oppland

endre
Kyrkje Bilete Kommune Byggeår Funksjon
Garmo   Lom kommune, nå på Maihaugen 1157/58 Museumskyrkje
Hedal   Sør-Aurdal 1150-1200 Kyrkjelydskyrkje
Hegge   Øystre Slidre Etter 1216 Kyrkjelydskyrkje
Høre   Vang i Valdres 1180 Kyrkjelydskyrkje
Lom   Lom kommune 1150-1200 Kyrkjelydskyrkje
Lomen   Vestre Slidre Treverk frå 1179
Reinli   Sør-Aurdal Etter 1326 Kyrkjelydskyrkje
Ringebu   Ringebu 1220 Kyrkjelydskyrkje
Øye   Vang i Valdres Ca. 1200 Kyrkjelydskyrkje

I tillegg har ein:

Sogn og Fjordane

endre
Kyrkje Bilete Kommune Byggeår Funksjon
Borgund   Lærdal 11501200 Museumskyrkje
Hopperstad   Vik ca 1130 Museumskyrkje
Kaupanger   Sogndal ca 1190 Kyrkjelydskyrkje
Undredal   Aurland 1147 Kyrkjelydskyrkje
Urnes   Luster 1130 Museumskyrkje
  • Dessutan Fortun på Fantoft ved Bergen; brent, gjenoppbygd som ein kopi og ikkje på den offisielle lista over stavkyrkjer frå mellomalderen.

Sør-Trøndelag

endre
Kyrkje Bilete Kommune Byggeår Funksjon
Haltdalen   Holtålen; no på Trøndelag Folkemuseum i Trondheim 1170 Museumskyrkje

Telemark

endre
Kyrkje Bilete Kommune Byggeår Funksjon
Eidsborg   Tokke 1200-talet Kyrkjelydskyrkje
Heddal   Notodden 1200-talet Brukskyrkje

Vestfold

endre
Kyrkje Bilete Kommune Byggeår Funksjon
Høyjord   Andebu kanskje 1275 Kyrkjelydskyrkje

Sjå òg

endre

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Anker, Peter (1997): Stavkirkene: deres egenart og historie. Cappelens kunstfaglige bibliotek. Oslo: Cappelen.
  2. Ahrens, Claus (1994): The stave church at Gol and other early wooden churches.
  3. Bugge, Gunnar og Christian Norberg-Schulz (1990): Stav og laft i Norge. Norsk arkitekturforlag.
  4. «Urnes Stave Church». UNESCO. Henta 6. mai 2018. 
  5. Ola Storsletten: «En arv i tre», s.24.
  6. Kyrkjebyggdatabasen lese på nett 14.2.13.
  7. Kart over de eksisterande, gjenverande kyrkjene, arkivert frå originalen 5. juni 2010, henta 20. juni 2010 
  8. Ahrens, Claus (1994): Gol stavkyrkje og dei gamle trekyrkjene.
  NODES
os 3