Noureddine Morceli
Noureddine Morceli (fødd 28. februar 1970) er ein algerisk tidlegare friidrettsutøvar frå டடChlef-provinsenஞஞ som vart verdsmeister på 1500 meter tre gongar på rad i tida 1991-95 og vart olympisk meister på same disstansen i 1996.
Noureddine Morceli | |
Statsborgarskap | Algerie |
Fødd | 28. februar 1970 (54 år) Ténès |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992 |
Utmerkingar | L'Équipe Champion of Champions |
Aktiv
endreMorceli sette i Sevilla 28. februar 1991 ny verdsrekord innandørs på spesialdistansen 1500 m med tida 3.34,16. Ni dagar etter vann han innandørs-VM på same arenaen. Ved VM i friidrett 1991 i Tokyo var han storfavoritt, og innfridde med meisterskapsrekord og to sekundars margin til andremann. Morceli var også favoritt til å vinne 1500 meter under OL 1992 i Barcelona, men måtte nøye seg med ein sjuandeplass. Nokre veker etter sommarleikane sette han verdsrekord på 1500 meter med tida 3.28,86.
Ved friidretts-VM 1993 i Stuttgart forsvarte Morceli meistertittelen på 1500 meter, og utklassa konkurrentene med ein sluttrunde på 50,6 sekundar. Same sesongen sette han verdsrekord på ei engelsk mil med tida 3.44,39. I 1994 sprang han 3000 meter på 7.25,11, også det verdsrekord. Sommaren 1995 forbetra han Saïd Aouita sin verdsrekord på 2000 meter til 4.47,88, deretter gjorde han den 12. juli i Nice unna sitt livs beste 1500 meter og flytta dermed sin eigen verdsrekord til 3.27,37. Under friidretts-VM i Göteborg vann han sin tredje VM-tittel på rad på 1500 meter, også då på suverent vis.
Under dei olympiske leikane 1996 i Atlanta var Morceli nok ein gong favoritt til å vinne gull på favorittdistansen. Etter at sterkaste konkurrenten, Hicham El Guerrouj, fall i svingen ein runde før mål, vann Morceli føre spanske Fermín Cacho. Året etter hamna Morceli på fjerdeplassen på 1500 m ved 1997-VM i Aten. Han deltok også i friidretts-VM 1999 i Sevilla, og braut finalen på sisterunden, medan han under OL 2000 i Sydney gav opp i semifinalen.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endre- VM 1991 i Tokyo: Gullmedalje - 3.32,8, framom Wilfred Kirochi (3.34,8)
- OL 1992 i Barcelona: Nr 7 - 3.41,7
- VM 1993 i Stuttgart: Gullmedalje - 3.34,3, framom Fermín Cacho(3.35,5)
- VM 1995 i Göteborg: Gullmedalje - 3.33,7, framom Hicham El Guerrouj (3.35,2)
- OL 1996 i Atlanta: Gullmedalje - 3.35,7, framom Fermín Cacho (3.36,4)
- VM 1997 i Aten: Nr 4 - 3.37,3
- VM 1999 i Sevilla: Nr 12
- OL 2000 i Sydney: Utslått i semifinalane (nr 24 - 4.00,7)
Kjelder
endre- (en) Noureddine Morceli – Profil på nettsida til IAAF
- «Noureddine Morceli» (på engelsk). Sports-Reference. Arkivert frå originalen 3. desember 2016. Henta 30. januar 2017.
- Denne artikkelen bygger på «Noureddine Morceli» frå Wikipedia på engelsk, den 7. august 2016.