Objekt
Objekt er ein grammatisk funksjon, som i prototypiske tilfelle blir brukt til å uttrykke patiens. Dei konkrete syntaktiske eigenskapane til objektet varierer litt frå språk til språk. I kasusspråk av nominativ-akkusativ-typen er objektet det setningsleddet som i lag med verbet dannar ei eining, og som står i akkusativ. I norsk er objektet det leddet som står rett etter det infinitte verbet i setningar med kompleks verbform, som t.d. i I dag har eg ikkje kjøpt mjølk.