Opole-voivodskapet

Opole-voivodskapet (polsk Województwo opolskie eller berre Opolskie; tysk Woiwodschaft Oppeln) er ein av 16 voivodskap i Polen.

Opole
voivodskap
Flagg
Symbol
Land  Polen
Hovudstad Opole
Areal 9 412,5 km²
Folketal 1 010 203 (2013)
Kart
Opole-voivodskapet
50°38′00″N 17°54′00″E / 50.633333333333°N 17.9°E / 50.633333333333; 17.9
Kart over fylka i voivodskapet.
Kart over fylka i voivodskapet.
Kart over fylka i voivodskapet.
Wikimedia Commons: Opole Voivodeship

Voivodskapet vart oppretta 1. januar 1999 av dei tidlegare voivodskapa Opole-voivodskapet og delar av Częstochowa. Namnet kjem frå den største byen og hovudstaden i voivodskapet, Opole.

Opole-voivodskapet grensar til Nederschlesiske voivodskap i vest, Storpolske og Łódź-voivodskapet i nord, Schlesiske voivodskap i aust og Tsjekkia i sør.

Geografi

endre

Voivodskapet ligg sørvest i Polen og den største delen er ein del av Det schlesiske låglandet (Nizina Śląska). I aust grensar regionen til Det schlesiske høglandet (Wyżyna Śląska), medan Sudetane og Opawskiefjella ligg i sørvest. Elva Oder renn tvers gjennom voivodskapet.

Byar og landsbyar

endre

Voivodskapet inneheld 35 byar og landsbyar. Folketala i lista nedanfor er frå 2006 [1]):[daud lenkje]

1. Opole (128 034)
2. Kędzierzyn-Koźle (65 572)
3. Nysa (47 283)
4. Brzeg (38 303)
5. Kluczbork (25 910)
6. Prudnik (23 133)
7. Strzelce Opolskie (20 059)
8. Krapkowice (18 112)
9. Namysłów (16 557)
10. Głuchołazy (14 887)
11. Głubczyce (13 389)
12. Zdzieszowice (13 329)
13. Olesno (10 106)
14. Ozimek (9 944)
15. Grodków (8 771)
16. Zawadzkie (8 331)
17. Praszka (8 230)
18. Paczków (8 147)

19. Niemodlin (6 849)
20. Kietrz (6 365)
21. Wołczyn (6 139)
22. Gogolin (6 077)
23. Lewin Brzeski (5 826)
24. Głogówek (5 816)
25. Otmuchów (5 261)
26. Dobrodzień (4 168)
27. Byczyna (3 677)
28. Kolonowskie (3 432)
29. Baborów (3 175)
30. Leśnica (2 945)
31. Prószków (2 713)
32. Biała Prudnicka (2 653)
33. Gorzów Śląski (2 606)
34. Korfantów (1 883)
35. Ujazd (1 652)

Administrativ inndeling

endre

Opole-voivodskapet er delt inn i 12 fylke (powiat): Eitt byfylke og 11 landfylke. Desse er vidare delt inn i 71 gmina eller kommunar.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Opole-voivodskapet
  NODES
os 5