Owl City er eit einmanns synthpop-prosjekt starta i 2007 av Adam Young frå Owatonna i Minnesota, USA.

Owl City

Owl City i 2009
OpphavOwatonna i Minnesota, USA
Aktiv2007–
SjangerSynthpop, indietronica
PlateselskapUniversal Republic
MedlemmerAdam Young
PrisarThe Record of the Year

Adam Young starta å komponere musikk etter at han skal ha slite med søvnløyse. Han vart lagd merke til for songane han hadde lasta opp på MySpace og fekk seinare signert seg til eit musikkselskap.[1] Owl City kom i 2007 ut med EP-en Of June, som i 2008 vart etterfølgd av albumet Maybe I'm Dreaming. Of June nådde som nummer 20 på Billboard-lista for elektroniske album og Maybe I'm Dreaming nådde ein 16-plass som høgste plassering på same liste.[2]

Young har sagt at han er inspirert av disko og europeisk elektronisk musikk.[3] Ocean Eyes, det tredje albumet til Owl City, vart gjeve i juli 2009 og debuterte som nummer 27 på Billboard 200. Tre singlar er gjevne ut frå det albumet, «Fireflies», «Umbrella Beach» og «Vanilla Twilight».[4]

I november 2010 vart julesingelen «Peppermint Winter» gjeven ut.

Diskografi

endre

Kjelder

endre
  1. Frenette, Brad (28. juli 2009). «Band of the Day: Owl City». The National Post. Arkivert frå originalen 13. januar 2010. Henta 13. januar 2010. 
  2. «Owl City > Charts & Awards > Billboard Albums». Allmusic. Henta 27. november 2009. 
  3. Fitzmaurice, Larry (1. juni 2008). «Hot New Band: Owl City But GOD is his amin influnce». Spin. Arkivert frå originalen 16. september 2012. Henta 27. november 2009. 
  4. «Free Download Owl City's new track: "Hot Air Balloon"». 

Bakgrunnsstoff

endre
  NODES