Paul Nihill
Vincent Paul Nihill (5. september 1939–14. desember 2020) var ein britisk kappgjengar som i 1969 vart europameister på 20 km og elles vann OL-sølv i 1964 og EM-bronse i 1971.
Paul Nihill | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 5. september 1939 Colchester |
Død | 15. desember 2020 (81 år) Gillingham |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1976, Sommar-OL 1972, Sommar-OL 1968, Sommar-OL 1964 |
Utmerkingar | medlem av Den britiske imperieordenen |
Aktiv
endreNihill kjempa i Sommar-OL 1964 om gullmedaljen på 50 km, måtte til sist gje tapt mot den legendariske kappgjengaren Abdon Pamich frå Italia. Under Sommar-OL 1968 kollapsa Nihill etter 44 km i tynnlufta i Mexico.
Sidan satsa Nihill mest på 20-kilometeren. Han vann distansen ved Friidretts-EM 1969 og tok bronsemedaljen i EM 1971. Den 30. juli 1972 sette han verdsrekord på 20 km med tida 1.24.50, ein månad seinare enda han på sjetteplass i dei olympiske sommarleikane. Han slutta tevle i 1977.
Nihill døydde av COVID-19.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endre- OL 1964 i Tokyo: Sølvmedalje på 50 km – 4.11.31, bakom Abdon Pamich (4.11.12)
- OL 1968 i Mexico-byen: Braut
- EM 1969 i Aten: Gullmedalje på 20 km – 1.30.41, framom Leonida Caraiosifoglu (1.31.06)
- EM 1971 i Helsinki: Bronsemedalje på 20 km – 1.27.34
- OL 1972 i München: Nr 6 på 20 km – 1.28.44, nr 9 på 50 km – 4.14.09
- OL 1976 i Montreal: Nr 30 – 1.36.40
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Paul Nihill» frå Wikipedia på engelsk, den 16. september 2019.