Periferieininga Kardítsa
Periferieininga Kardítsa Περιφερειακή ενότητα Καρδίτσας | |
---|---|
| |
Periferi | Thessalía |
Hovudstad | Kardítsa |
Folketal | 106 305 (2021[1]) |
Areal | 2 636 km² |
Folketettleik | 40/km² |
Kommunar | 6 |
Postnummer | 43x xx |
Retningsnummer | 244x0 |
Bilnummer | KA |
Heimeside | www.karditsa.gr |
Periferieininga Kardítsa (gresk Περιφερειακή ενότητα Καρδίτσας, Periferiakí enótita Kardítsas) er ei periferieining i Hellas i periferien Thessalía.[2] Hovudstaden i periferieininga er Kardítsa. Periferieininga er stort sett basert på jordbruk og har ingen provinsar. Kardítsa ligg om lag 300 km frå Aten. Den vestlege halvdelen av periferieininga er dominert av Píndosfjella.
Periferieininga grensar til Tríkala i nord, Lárisa i aust, Fthiótida i søraust, Etoloakarnanía og Evrytanía i sørvest og Árta i vest. Dei største elvane er Mégdovas i sør og Piniós i nord.
Historie
endreDet som i dag er periferieininga Kardítsa var i antikken ein del av Kongedømet Makedonia og seinare Romarriket, Austromarriket, Stor-Vlakhia og frå 1400-talet til 1881 ein del av Det osmanske riket. Etter 1881 har det høyrt til Hellas, først som ein del av det større prefekturet Tríkala-Kardítsa fram til 1947.
Administrativ inndeling
endreTidlegare var Kardítsa eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i seks kommunar.[2]
Periferieining | Kommune | Tidlegare kommune |
Postnummer | Retningsnr |
---|---|---|---|---|
Kardítsa | Arjithéa | Arjithéa | 430 65 | 24450-31 |
Akhelóos | 430 66 | 24450-31 | ||
Aust-Arjithéa | 430 69 | 24450-31 | ||
Mouzáki | Mouzáki | 430 60 | 24450-4 | |
Ithómi | 430 64 | 24410-39 | ||
Pámisos | 430 61 | 24410-8 | ||
Límni Plastíra | Plastíras | 430 67 | 24410-95 | |
Nevrópoli Agráfon | 430 60 | 24410-92 | ||
Kardítsa | Kardítsa | 431 00 | 24410-2 til 7 | |
Ítamos | 431 00 | 24410-81 | ||
Kallifóni | 431 00 | 24410-88 | ||
Kámbos | 431 00 | 24410 | ||
Mitrópoli | 431 00 | 24410-55 | ||
Palamás | Palamás | 432 00 | 24440-2 | |
Séllana | 430 70 | 24410-5 | ||
Fýllo | 430 62 | 24440-31 | ||
Sofádes | Sofádes | 433 00 | 24430-2 | |
Árni | 433 00 | 24430-41 | ||
Tamásio | 430 63 | 24430-31 | ||
Menelaída | 433 00 | 24430-51 | ||
Rendína | 430 68 | 24430-71 |
Byar og tettstader
endreDei største byane og tettstadene i periferieininga er:
Tettstad | Kommune | Folketal 2011[3] | Folketal 2021[1] |
---|---|---|---|
Kardítsa | Kardítsa | 38 554 | 38 999 |
Sofádes | Sofádes | 5 556 | 5 747 |
Palamás | Palamás | 5 745 | 4 770 |
Karditsomagoúla | Kardítsa | 2 063 | 1 950 |
Mouzáki | Mouzáki | 1 961 | 1 838 |
Agnanderó | Mouzáki | 1 764 | 1 548 |
Proástio | Palamás | 1 666 | 1 434 |
Mávrika | Kardítsa | 565 | 1 273 |
Mataránga | Sofádes | 1 421 | 1 225 |
Mitrópoli | Kardítsa | 1 262 | 1 113 |
Artesianó | Kardítsa | 1 296 | 1 104 |
Mavrommátio | Mouzáki | 1 115 | 1 026 |
Itéa | Palamás | 1 199 | 959 |
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 Folketeljing 2021
- ↑ 2,0 2,1 Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma, arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023 - ↑ Folketeljing 2011, revidert
Kjelde
endre- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Karditsa Prefecture frå Engelsk Wikipedia .