Persona non grata
Persona non grata, «uønskt person», er innan diplomatiet når ein person ikkje er ønskt. Det er særleg brukt når ein utsending frå ein stat til ein annan er erklært uønskt. Uttrykket stammar frå latin, av non «ikkje» og grata «kjær».
Eit motsett uttrykk er persona grata, «ønskt person», for ein person som er velsett og godt likt.