Pieter de Hooch (20. desember 162924. mars 1684)[a] var ein nederlandsk sjangermålar frå Rotterdam. Namnet hans er også skrive Hoogh eller Hooghe.

Pieter de Hooch

'Portrett av ein 19 år gammal mann', sjølvportrett tilskrive Pieter de Hooch
Statsborgarskap Dei sameinte Nederlanda
Fødd 20. desember 1629
Rotterdam
Død

24. mars 1684, 1683 (54 år)
Amsterdam

Yrke kunstmålar, bygningstegner
Sjanger sjangermåleri, landskapsmåleri, sjangerkunst, portrett
Pieter de Hooch på Commons

Liv og gjerning

endre
 
Gardsplass i Delft, 1658
 
Gullvegerska, 1663

Pieter de Hooch var frå tidleg 1650-tal i teneste hos kjøpmannen og kunstsamlaren Justus de la Grange.[1] Arbeidet førte til at han var med Grange på reiser til Haag, Leiden og Delft.

I 1654 slo Hooch seg ned i Delft.[2] Året etter vart han medlem av Sint-Lucasgildet i Delft. Medan Hooch var i byen måla han harmoniske interiør og gardsmotiv, påverka av Johannes Vermeer. Til liks med Vermeer var han interessert i optikk og korleis lyset fell. På ein meisterleg og usentimental måte skildra han velstanden og det fredfulle ved livet i Nederland på 1600-talet. Det er sannsynleg at Hooch leverte dei fleste verka sine til Grange i denne perioden, i byte mot kost og losji og andre fordelar. Ei seinare inventaroversikt viser at Grange eigde 11 av måleria hans.

Kringom 1661 flytta Hooch til Amsterdam, der han arbeidde for rike oppdragsgjevarar. Sjølv budde han og familien i ein bydel prega av fattigdom. Måleria hans vart frå då av meir storslagne og av mykje lågare kvalitet enn dei han hadde måla i Delft.

Han døydde 54 år gammal på eit sinnsjukehus i Amsterdam.

Notar

endre
  1. Dåps- og gravferdsdatoar

Kjelder

endre
  1. Pieter de Hooch frå Encyclopædia Britannica
  2. Pieter de Hooch frå Essential Vermeer

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Pieter de Hooch
  NODES