Pionerplante er ein planteart, som er mellom dei første til å etablere seg etter katastrofar, flatehogst eller liknande, som har utrydda eller fjerna den opphavlege vegetasjonen. Dei er kjenneteikna ved at dei kan klare dei barske tilhøva på ei berr mark, og dessutan har dei anten ein særs stor, årleg frøproduksjon, eller så har dei òg ei stor mengde frø i jorda.

Slike plantar er gras, geitrams og brennesle. Typisk for desse plantane er at dei har lett for å spreie seg til andre stedar.

Pionerplantane er naudsynte for dei artane som kjem etterpå, for pionerplantene endrar samansettinga av næringssalt i jordsmonnet.

  NODES