Provinsen Roma (italiensk Provincia di Roma) er ein tidlegare provins i Lazio i Italia. Han blei erstatta av Città metropolitana di Roma Capitale ('Metropolbyen Roma Hovudstad') i 2015.

Provinsen Roma
provins
Land  Italia
Region Lazio
Del av Lazio
Hovudstad Roma
Areal 5 352 km²
Folketal 4 013 057
Postnummer 00010-00199
Retningsnummer 06, 0774, 0766
Bilnummer ROMA
Kart
Provinsen Roma
41°53′35″N 12°28′58″E / 41.893055555556°N 12.482777777778°E / 41.893055555556; 12.482777777778
Kart som viser Provinsen Roma.
Kart som viser Provinsen Roma.
Kart som viser Provinsen Roma.
Wikimedia Commons: Province of Rome

Provinsen hadde eit areal på 5 352 km² og totalt 4 013 057 innbyggjarar (2005). Det var 121 kommunar i provinsen. Provinshovudstaden var byen Roma.

Ein kunne sjå på provinsen som eit utvida storbyområde rundt Roma, sjølv om ein i enkelte område, særleg i nord, hadde meir landlege landskap.

Dei største kommunane i provinsen var:

Kommune Innbyggjarar
Roma 2 705 873
Guidonia Montecelio 74 511
Fiumicino 58 394
Civitavecchia 50 985
Tivoli 50 951
Velletri 50 592
Anzio 47 784
Pomezia 47 465
Nettuno 41 398
Ciampino 37 933
Marino 37 424
Albano Laziale 36 778
Monterotondo 36 647
Ladispoli 35 323
Ardea 34 625
Cerveteri 32 456
Fonte Nuova 24 950
Genzano di Roma 22 607
Colleferro 21 614
Frascati 20 311
Grottaferrata 19 849
Mentana 18 623
Palestrina 18 175
Ariccia 18 062
Anguillara Sabazia 16 624
Santa Marinella 16 531
Bracciano 15 785

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  NODES