Pulsar

sterkt magnetisert, raskt roterende nøytronstjerne eller hvit dverg

Pulsarar er hurtigroterande nøytronstjerner som sender ut ein stråle av radiobølgjer frå kvar av to dei magnetiske polane, som blir observerte som pulsar. Strålane av radiobølgjer sveiper over jorda på ein måte som kan likna måten lysstrålen frå eit fyrtårn sveiper over sjøen.

Den skjematiske oppbygginga til ein pulsar. Dei kurva linjene representerer magnetfeltet, lyskjeglene sjølv strålane av radiobølgjer og den grøne linja rotasjonsaksen. Sia rotasjonsaksen her fell dårleg saman med dei magnetiske polane, blir strålebuntane oppfatta som pulsar i staden for faste strålar.

Den første pulsaren blei oppdaga i 1967 av Anthony Hewish og Jocelyn Bell, og i dag kjenner ein til over tusen av dei. Rotasjonsperiodane til pulsarar, og soleis periodane på pulsane, varierer frå millisekund (millisekundpulsar) til fem sekund.

Sjå òg

endre

Bakgrunnsstoff

endre

Kjelder

endre
  • Denne artikkelen baserer seg på artikkelen «pulsar» s.324-25 i Phillip's Astronomy Encyclopedia utgjeven i 2002.
  NODES
os 1
server 1