Punghare
pattedyrslekt
Punghare eller pungkanin er ei gruppe australske pungdyr som i dag berre har ein attlevande art, stor punghare. Liten punghare blei utrydda på 1950-talet. Taksonomisk er pungharar klassifiserte i slekta Macrotis i familien Thylacomyidae. Stor punghare er den einaste nolevande arten i denne gruppa. Punggrevlingar er nolevande dyr med nokså nær slektskap og likskap. På engelsk blir pungharen kalla bilby, eit lånord frå aboriginarspråket gamilaraay[1] som også er kjend på wiradjuri.[2]
Punghare | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Overorden: | Australidelphia |
Orden: | Peramelemorphia |
Familie: | Thylacomyidae |
Slekt: | Punghare Macrotis |
Pungharar har lange bakbein og korte frambein. Øyro er ekstra lange. Halen er lang med ein dusk i enden. Pelsen er mjuk og silkeaktig.
Dyra finst i ørkenstrøk, der dei lever i gangar i jorda, 1–2 m under overflata.
Kjelder
endre- ↑ «Home - Australian National Dictionary Centre». ANU. Henta 22. april 2014.
- ↑ Hiroyuki YOKOSE, Aboriginal Words in Australian English (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 28 September 2006
- «Pungharer», Store norske leksikon, 14. februar 2009, henta 22. mars 2017
Bakgrunnsstoff
endre- (en) Punghare i Encyclopedia of Life
- (en) Punghare i Global Biodiversity Information Facility
- (en) Punghare hos Fossilworks
- (en) Punghare hos ITIS
- (en) Punghare hos NCBI
- (en) Kategori:Macrotis – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Macrotis – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Macrotis – detaljert informasjon på Wikispecies