Purpurlyng (Erica cinerea) er ein dvergbusk i klokkelyngslekta i lyngfamilien.

Purpurlyng
Purpurlyng
Purpurlyng
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: NT Nær truga
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophytes
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Lyngordenen Ericales
Familie: Lyngfamilien Ericaceae
Slekt: Klokkelyngslekta Erica
Art: Purpurlyng E. cinerea
Vitskapleg namn
Erica cinerea

Planten blir 15–75 cm høg. Årsskota er hårete, medan resten av planten er glatt. Dei smale blada sit i kransar på tre, noko som skil arten frå slektningen klokkelyng. Dei klokkeforma blomane er purpurfarga og sit i klasar. Han veks i hei og open skog på tørr og sur jord.[1]

I Vest-Europa er purpurlyng ein typisk art for dei atlantiske kystlyngheiene. Han veks frå Portugal nordover til Dei britiske øyane og Noreg. I nord er utbreiinga avgrensa til område med lite frost, og han veks i motsetnad til klokkelyng verken i Danmark eller Sverige. I sør går han derimot lenger aust enn klokkelyng, heilt til Liguria i Italia. I middelhavsområdet er han hovudsakleg ein fjellplante.[2][3][4]

I Noreg veks purpurlyng på Vestlandet i ytre kyst- og fjordstrøk frå Ryfylke til Haram i Møre og Romsdal. Han krev litt sommarvarme og manglar på dei mest forblåste øyane. I Norsk raudliste for artar er arten rekna som nær truga på grunn av gjengroing, utbygging og skogplanting.[5]

To nærståande former var tidlegare rekna som varietetar, men har no fått status som eigne artar. Dette er Erica numidica i Algerie og Erica maderensis frå Madeira.[4]

Blomstrande purpurlyng i Dorset i Sør-England
Atlantisk lynghei i Irland med purpurlyng og fransk gulltorn (Ulex gallii)

Kjelder

endre
  1. C. Grey-Wilson og M. Blamey; norsk utgave T. Faarlund og P. Sunding. Teknologisk Forlags store illustrerte flora for Norge og Nord-Europa. Teknologisk Forlag. ISBN 82-512-0355-4. 
  2. O. Gjærevoll. Plantegeografi (2/ utg.). Tapir. s. 114. ISBN 82-519-1104-4. 
  3. M. Blamey; C. Grey-Wilson. Wild Flowers of the Mediterranean (2. utg.). London: A & C Black. s. 166. ISBN 0-7136-7015-0. 
  4. 4,0 4,1 A.M. Romo; A. Boratyński. «A new combination in Erica (Ericaceae)». Collectanea Botanica (Barcelona) 29: 95–98. ISSN 0010-0730. doi:10.3989/collectbot.2010.v29.009. 
  5. «Karplanter. Vurdering av purpurlyng Erica cinerea som NT for Norge». Norsk rødliste for arter 2021. Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 29. mars 2023. 

Bakgrunnsstoff

endre
  NODES
INTERN 1