Putrajaya er administrativ hovudstad i Malaysia. Han er ein planlagd by grunnlagd 19. oktober 1995 etter at regjeringa vedtok å flytta frå Kuala Lumpur, som framleis er offisiell og lovgjevande hovudstad i landet. Putrajaya fekk status som føderalt territorium den 1. februar 2001. Ved folketeljinga i 2010 hadde byen 67 964 innbyggjarar.[2]

Putrajaya
Offisielt namn: Federal Territory of Putrajaya
Wilayah Persekutuan Putrajaya
ولايه ڤرسكوتوان ڤوتراجاي (Jawi)
布特拉再也
布城
Land  Malaysia
Areal 49 km²
Folketal 68 361 (2010)[1]
Grunnlagd 1995
Kart
Putrajaya
2°56′N 101°41′E / 2.93°N 101.69°E / 2.93; 101.69
Kart som viser Putrajaya.
Kart som viser Putrajaya.
Kart som viser Putrajaya.
Wikimedia Commons: Putrajaya
Nettstad: www.putrajaya.gov.my

Byen har namn etter den første statsministeren i Malaysia, Tunku Abdul Rahman Putra. Putra betyr 'prins' på malayisk og jaya betyr 'siger' eller 'suksess'. Byen blei laga på ein stad som då heitte Prang Besar under statsminister Mahathir Mohamad.

Putrajaya ligg mellom Kuala Lumpur og Kuala Lumpur internasjonale flyplass i eit område som blir kalla Multimedia Super Corridor (MSC). Byområdet har ei flatevidd på 49,31 kvadratkilometer, og er planlagd å ha eit folketal på 320 000. Sentralt i byen ligg ein kunstig innsjø, Putrajaya-sjøen. Byen har også mange grøne parkar.[3]

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Putrajaya
  NODES
Intern 1
mac 1
multimedia 1
os 1