Rapsolje

vegetabilsk olje som er henta frå frøa i rapsplanten

Rapsolje er olje pressa ut frå frøa til raps, og er ei av dei eldste kjende planteoljene. Det finst både mat- og industrielle variantar av olja, som blir laga av frøa til ulike kultivarar av plantar frå krossblomfamilien. Historisk var bruken av olja avgrensa på grunn av høgt innhald av erukasyre, som er skadeleg for hjartemuskelen til dyr, og glukosinolat, som gjer henne mindre næringsrik i dyrefôr.[1] Rapsolje kan innehalda opptil 54 % erukasyre.[2] Det blir dyrka mykje raps i Canada, Frankrike, Belgia, Storbritannia, USA, Nederland, Tyskland, Danmark (særleg på Bornholm) og Polen.

Rapsolje i ei skål

Historie

endre
 
Rapsblomar

Namnet for raps kjem frå det latinske rapum, som tyder 'nepe'. Nepe, kålrot, kål, rosenkål og sennep er i slekt med raps, som høyrer til kålslekta. Oljefrøvarietetar frå kålslekta er nokre av dei eldste plantane menneske har dyrka, med dokumentert bruk i India for 4000 år sidan og i Kina og Japan for 2000 år sidan.[3]:55 Bruk i Nord-Europa for oljelampar er dokumentert frå 1200-talet.[4] Rapsoljeekstrakt blei fyrst sett på marknaden i 1956–1957 som matprodukt, men desse leid av fleire uakseptable eigenskapar. Rapsolje hadde ein særeigen smak og ein grønaktig farge, ettersom ho inneheldt klorofyll. Ho inneheldt også eit høgt nivå av erukasyre.[5]

Ein ny type rapsolje, kjend som canola i Nord-Amerika, blei danna frå kryssingar av B. napus- og B. rapa-kultivarar aved University of Manitoba i Canada av Keith Downey og Baldur R. Stefansson tidleg på 1970-talet.[6][7] Denne hadde ulikt næringsinnhald frå anna samtidig rapsolje, og eit mykje lågare innhald av erukasyre.[8] Canola var opphavleg eit varermerkenam for Rapeseed Association of Canada, sett saman av «Can» frå Canada og «OLA» frå Oil, low acid,[9][10] men er blitt eit generelt omgrep for etande variantar av rapsolje i Nord-Amerika og Australasia.[11] 

I 1995 blei det innført ein genetisk modifisert rapsplante i Canada som tolererte plantegifta Roundup (glyfosat), kalla Roundup Ready canola. Ein genetisk modifisedrt variant utvikla i 1998 er rekna som den mest motstandsdyktige varianten mot sjukdom og tørke til no. I 2009 var 90 % av avlingane i Canada motstandsdyktige mot plantegift.[12] I 2005 var 87 % av rapsen dyrka i USA genetisk modifisert.[13] I 2011 var 8,2 millionar av 31 millionar hektar raps dyrka i verda (26 %) genetisk modifiserte.[14]

Det er ikkje tillate å dyrka genmodifisert raps i Noreg eller EU.[15] Det er likevel opna for å importera rapsolje laga med genmodifisert raps til EU.[16][17] Det er også gjort framlegg om å tillata import av rapsolje frå GMO-raps som fôrmiddel til Noreg.[18]

Produksjon og handel

endre
 
Rapsåker i Manitoba i Canada
Rapsoljeproduksjon i 2019[19]
Land Millionar tonn
  4,2
  3,1
  2,5
  1,7
Totalt 24,4

I 2019 blei det produsert 24 millionar tonn rapsolje i verda, med Canada, Kina og India som dei største produsentlanda, som stod for 40 % av totalmengda.[19] Canada var den største eksportøren av rapsolje i verda i 2019, med 3,2 millionar tonn eller rundt 76 % av den totale produksjonen eksportert.[19]

Kina er den nest største rapsoljeprodusenten i verda, men har framleis eit underskot på olje. I 2015 produserte landet 14 millionar tonn raps, og importerte 4 millionar tonn.[20]

Produksjonsprosessen

endre
 
Maskin for kaldpressing av rapsolje
 
Ulike typar rapsolje, canola oil, ved Slow Food Gala 2012 i Canada.

Rapsolje blir laga ved at ein varmar frøa litt og så knuser dei.[21] Nesten all kommersiell rapsolje blir så vunne ut med heksan som løysemiddel.[22] Dette blir så vunne ut att etter produksjonsprosessen. Til slutt blir rapsolja raffinert ved hjelp av vassutfelling og organisk syre for å fjerna gummi og frie feittsyrer, filtrering for å fjerna farge og deodorisering ved hjelp av dampdestillasjon.[21] Av og til blir olja bleik for å gje henne ein lysare farge.[23]

Ein kan også laga kaldpressa og expeller-pressa rapsolje i mindre skala.

Rundt 44 % av eit frø er olje, resten av frøet blir typisk brukt som fôr.[21] Rapsolje er ein viktig ingrediens i mange matvarer. Sidan olja har namn som ei sunn matolje, er ho etterspurd over heile verda,[24] og er den mest konsumerte planteolja etter soyaolje og palmeolje.[25]

Olja blir også brukt til anna enn fødemiddel, og kan ofte erstatta ikkje-fornybre, petroleumsbaserte ojler i ulike produkt,[24] som industrielle smøremiddel, biodiesel, lys, leppestift og avisblekk.

Rapsolje er rekna som eit trygt næringsmiddel for menneske.[26][27] Olja har eit relativt lågt innhald av metta feitt og ein god del einumetta feitt, med ei tilhøve på rundt 2:1 til fleirumetta feitt.[28]

Medan olje frå villraps inneheld betydelege mengder erukasyre,[29] er dyrka kultivarar blitt avla fram til å ha innhald på under 2 %,[30] ei mengd som ikkje er rekna som helsefarleg. Det er aldri blitt påvist helseeffektar på menneske ved inntak av erukasyre, men studiar av erukasyremetabolisme i andre artar tyder på at høgt inntak kan verra skadeleg.[31][32]:646–657

Med tida har innhaldet av erukasyre i rapsolje gått ned. I Vest-Canada gjekk det gjennomsnittlege innhaldet ned frå 0,5 % mellom 1987 og 1996[33] til 0,01 % frå 2008 til 2015.[34] Andre rapportar viser også eit innhald under 0,1 % i Australia[35] og Brasil.[36]

=Galleri

endre

Kjelder

endre
  1. O'Brien 2008.
  2. Sahasrabudhe 1977.
  3. Snowdon R et al. "Oilseed Rape". Chapter 2 in Genome Mapping and Molecular Breeding in Plants: OIlseeds. Ed, Chittaranjan Kole. Springer, 2007
  4. Snowdon R et al. "Oilseed Rape". Chapter 2 in Genome Mapping and Molecular Breeding in Plants: OIlseeds. Ed, Chittaranjan Kole. Springer, 2007
  5. Fan, Liuping; Eskin, N.A. Michael. «Handbook of Antioxidants for Food Preservation». Science Direct. Woodhead Publishing Series in Food Science, Technology and Nutrition. Henta 6 April 2021. 
  6. «Richard Keith Downey: Genetics». science.ca. 2007. Henta 29 December 2008. 
  7. Pederson, Anne-marie; Storgaard, AK (15 December 2015). «Baldur Rosmund Stefansson». The Canadian Encyclopedia. Henta 4 September 2019. 
  8. Barthet, V. «Canola». The Canadian Encyclopedia. Arkivert frå originalen 27. februar 2014. Henta 29 December 2008. 
  9. Wrigley, Colin W.; Corke, Harold; Seetharaman, Koushik; Faubion, Jonathan (17 December 2015). Encyclopedia of Food Grains. Academic Press. s. 238. ISBN 978-1785397622. 
  10. Canola Council of Canada (2016). «What is Canola?». Henta 16 December 2013. 
  11. «Has canola become a generic trademark?». genericides.org. 21 April 2021. Arkivert frå originalen 20. oktober 2021. Henta 13 May 2021. 
  12. Beckie, Hugh et al (Autumn 2011) GM Canola: The Canadian Experience Arkivert 4 April 2016 ved Wayback Machine. Farm Policy Journal, Volume 8 Number 8, Autumn Quarter 2011. Henta 20. august 2012
  13. Johnson, Stanley R. et al Quantification of the Impacts on US Agriculture of Biotechnology-Derived Crops Planted in 2006 National Center for Food and Agricultural Policy, Washington DC, February 2008. Henta 12. august 2010.
  14. «Biotech Canola – Annual Update 2011» (PDF). International Service for the Acquisition of Agri-Biotech Applications. Arkivert frå originalen (PDF) 30 May 2013. Henta 26 May 2013. 
  15. Rønning, Asle (10. august 2010), «Genmodifisert raps spredd i det fri», forskning.no (på norsk), henta 20. oktober 2022 
  16. Tvegård, Anders (24. april 2015), «EU godkjenner omstridte genmodifiserte produkter», NRK (på norsk bokmål), henta 20. oktober 2022 
  17. «Genmodifierad mat, GMO», www.livsmedelsverket.se (på svensk), henta 20. oktober 2022 
  18. «Høring: Utkast til bestilling av risikovurdering av olje fra genmodifisert raps | Mattilsynet», www.mattilsynet.no, henta 20. oktober 2022 
  19. 19,0 19,1 19,2 «Rapeseed oil production, 2019; Crops/Regions/World list/Production Quantity; unofficial data (pick lists)». UN Food and Agriculture Organization, Corporate Statistical Database (FAOSTAT). 2022. Henta 17 March 2022. 
  20. «Why China needs canola imports». Country Guide. Glacier FarmMedia Limited Partnership. 12 February 2018. 
  21. 21,0 21,1 21,2 «Steps in Oil and Meal Processing». Canola Council of Canada. 2016. Henta 30. april 2016. 
  22. Crosby, Guy (2017). «Ask the Expert: Concerns about canola oil». The Nutrition Source. Harvard T.H. Chan School of Public Health. Henta 23 April 2017. 
  23. «How It's Made - Canola Oil». YouTube. 
  24. 24,0 24,1 «What is canola oil?». Canola Council of Canada. 2016. Henta 30 April 2016. 
  25. Ash, Mark (15 March 2016). «Soybeans & Oil Crops». Economic Research Service, US Department of Agriculture. Arkivert frå originalen 23 April 2016. Henta 30 April 2016. 
  26. Dupont, J; White, PJ; Johnston, HA; McDonald, BE; Grundy, SM; Bonanome, A (October 1989). «Food safety and health effects of canola oil». Journal of the American College of Nutrition 8 (5): 360–375. PMID 2691543. doi:10.1080/07315724.1989.10720311. 
  27. Zeratsky, Katherine (2009). «Canola Oil: Does it Contain Toxins?». Mayo Clinic. Henta 10 August 2011. 
  28. «Evidence of health benefits of canola oil». Nutr. Rev. 71 (6): 370–85. 2013. PMC 3746113. PMID 23731447. doi:10.1111/nure.12033. 
  29. Sahasrabudhe, M. R. (1977). «Crismer values and erucic acid contents of rapeseed oils». Journal of the American Oil Chemists' Society 54 (8): 323–324. doi:10.1007/BF02672436. 
  30. U.S. Dept. of Health and Human Services, CFR – Code of Federal Regulations Title 21 1 April 2010.
  31. Food Standards Australia New Zealand (June 2003) Erucic acid in food: A Toxicological Review and Risk Assessment Technical report series No. 21; Page 4 paragraph 1; ISBN 0-642-34526-0, ISSN 1448-3017
  32. Luger CL et al. Food Safety and Foodborne Toxicants. Chapter 14 in Hayes' Principles and Methods of Toxicology, Sixth Edition. Eds A. Wallace Hayes, Claire L. Kruger. CRC Press, 2014 ISBN 9781842145371. Quote: "In humans. however. although the long-term use of Lorenzo's oil (oleic acid and erucic acid) in the treatment of adrenoleukodystrophy or adrenomyeloneuropathy leads to thrombocytopenia and lymphopenia (Unkrig et al. 1994), adverse effects from dietary consumption of erucic acid have not been reported."
  33. D.R., DeClercq; J.K., Daun; K.H., Tipples (1997). «Quality of Western Canadian Canola 1997» (PDF) (Press release). Canadian Grain Research Laboratory: Canadian Grain Commission. Henta 21. desember 2016. 
  34. J. Barthet, Véronique J. (2015). «Quality of western Canadian Canola 2015» (PDF) (Press release). Canadian Grain Research Laboratory: Canadian Grain Commission. Henta 21. desember 2016. 
  35. D.E., Seberry; D.W., McCaffery; T.M., Kingham (2016). «Quality of Australian canola 2015–16» (PDF) (Press release). Australia: NSW Department of Primary Industries – Australian Oilseeds Federation. Henta 21. desember 2016. 
  36. Heidy Aguilera Fuentes, Paula (2011). Avaliação da Qualidade de Óleos de Soja, Canola, Milho e Girassol Durante o Armazenamento (PDF) (Thesis) (på portugisisk). Universidade Federal de Santa Catarina. OCLC 817268651. 
  NODES
Association 1
INTERN 1