Romsonden Lucy
Lucy er ein planlagd NASA-romsonde til jupitertrojanane. Han vil etter planen skytast opp i 2021 og nytta 12 år på å vitja sju ulike asteroidar. Desse er éin hovudbelteasteroide og seks jupitertrojanar, der to av jupitertrojanane høyrer til det same binærsystemet.