Rongo-rongo (rapa nui for 'attgjeving') er eitt av dei tre skriftsystema frå Påskeøya, dei andre er ta'u og mamas. Det finst berre 26 rongo-rongo-tekstar. Alle tre er rissa inn i treplater, og dei blir lese nedanfrå og oppover. Ein av innskriftane er ein månekalender, dei andre er ikkje dechiffrert.

Døme på rongo-rongoskrift.

I 1862 tok eit peruansk slaveskip nesten heile folkesetnaden til fange, og dei som vart att var ikkje i stand til å lese rongo-rongo-skrifta. I 1866 gjekk den katolske biskopen på Tahiti, Florentin Jaussen, saman med Metoro Taouaouré og laga ei lister over teikn og omsetjingar. Desse har seinare vist seg å ikkje vera til hjelp i å dechiffrera skrifta, og mange trur at Taouaouré ikkje eigentleg kunne lesa skrifta.

Bakgrunnsstoff

endre
  NODES
mac 1
os 1