Rootsrock er ein sjanger innan rock som ser attende på opphavet til rock i folkemusikk, blues og country.[1] Sjangeren er særskild assosiert med skapinga av blandingssjangrar seint i 1960-åra, som bluesrock, countryrock, southern rock og swamp rock, som kom som eit svar til det som vart sett på som overdriven dominerande psykedelisk rock og den gryande progressiv rocken.[2] Fordi rootsmusikk (americana) ofte vert nytta i same tyding som folk- og verdsmusikk, har rootsrock stundom vert nytta i vidare forstand til å innlemme element av denne musikken.[3] I 1980-åra fekk rootsrocken ein ny popuær periode som svar til trendane i punkrock, new wave og heavy metal.

Nokre representantar

endre

Kjelder

endre
  1. P. Auslander, Liveness: performance in a mediatized culture (London: Routledge, 2008), p. 83.
  2. V. Bogdanov, C. Woodstra and S. T. Erlewine, All music guide to rock: the definitive guide to rock, pop, and soul (Backbeat Books, 3rd edn., 2002), s. 1327.
  3. R. Shuker, Popular Music: the Key Concepts (London: Routledge, 2005), p. 235.
  NODES