Royal Astronomical Society

Royal Astronomical Society (RAS) er eit lærd selskap i Storbritannia grunnlagt i 1820. Det har som føremål å fremja studiet av astronomiske og geofysiske vitskapar. Selskapet organiserer vitskaplege konferansar i hovudkvarteret sitt i London og i resten av landet, vedlikeheld eit vitskapleg bibliotek med relevans for astronomiske, geofysiske og relaterte emne, deler ut prisar og legat og representerer Storbritannia nasjonalt og internasjonalt innnanfor forskingsområda i faget. Det har hovudkontor i Burlington House i London ved Piccadilly.[1]

Royal Astronomical Society

Skipa1820
HovudkontorLondon
Omsetjing4 299 415 britisk pund (2016) Sjå dette på Wikidata
Donasjonar3 239 britisk pund (2016) Sjå dette på Wikidata
Tilsette18 (2016) Sjå dette på Wikidata
Nettstadhttp://www.ras.org.uk Sjå dette på Wikidata
Burlington House sett frå Piccadilly.

Selskapet står for utgjevinga av fleire vitskaplege tidsskrift, i samarbeid med Wiley-Blackwell Publishing:[2]

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Royal Astronomical Society
  NODES
INTERN 2