Saturnmånen Mimas
Mimas er ein av månane til Saturn. Han vart oppdaga i 1789 av William Herschel og er oppkalla etter ein av titanane som vart felt av Herakles. Truleg finst det eit globalt hav under yta på Mimas som vart danna innan dei siste 25 millionar åra.[3]
Mimas sett frå Cassini-sonden | |
Oppdaging[1] | |
---|---|
Oppdaga av | William Herschel |
Oppdagingsdato | 17. september 1789 |
Baneskildring[1] | |
185 539 km | |
Eksentrisitet | 0,0196 |
0,942 dagar | |
Banehelling | 1,574° |
Satellitt av | Saturn |
Fysiske eigenskapar | |
Snittdiameter | 396,40 ± 0,50 km[1] |
Masse | 3,7506 × 1019 kg[1] |
1,15 g/cm³[1] | |
0,064 m/s²[1] | |
bunden | |
0,005° | |
Albedo | 0,6 (synleg geometrisk)[2] |
Den låge tettleiken til Mimas tyder på at den for det meste består av is, med ein liten del stein. Overflata er dominert av eit nedslagskrater med ein diameter på 130 km ein har gjeve namnet Herschel. Krateret er så stort at det utgjer ⅓ av den totale diameteren til månen. Kraterveggene er omtrent fem km høge, botnen går så djupt som ti km, og toppen i midten står seks km over kraterbotnen. Nedslaget må ha vore i nærleiken av å knuse Mimas. Det er observert sprekkar på den motsette sida av månen som kan ha oppstått under nedslaget.
Overflata er metta med krater, men ingen av dei er på langt nær så store som Herschel. Dette tyder på at Mimas tidlegare har vore bombardert av enda større lekam enn det som skapte Herschel, noko som førte til at alle spor etter tidlegare nedslag vart viska ut. Restane har så samla seg og danna Mimas slik månen er no.
Interaksjon med Saturn sine ringar
endreObservasjonar av romsonden Cassini har vist at Mimas og utsjånaden på G-ringen i ringane til Saturn har ein samanheng. Mimas bidreg til å halde dei fine partiklane i denne ringen på plass.[4]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Mimas: Facts & Figures - NASA Solar System Exploration
- ↑ Saturnian Satellite Fact Sheet - NSSDC
- ↑ Witze, Alexandra (2024). «The Solar System has a new ocean — it's buried in a small Saturn moon». Nature. PMID 38326420. doi:10.1038/d41586-024-00345-9.
- ↑ «Saturn's ring mystery is solved» (på engelsk). 3. august 2007.