Schwyz (fransk Schwytz, italiensk Svitto) er ein by og ein kommune i kantonen Schwyz i Sveits. Kommunen har 14 423 innbyggjarar (2010) og eit areal på 53 km². Sentrum ligg 516 meter over havet, om lag 5 km aust for Vierwaldstättersjøen..

Schwyz
Horisonten til Schwyz
Horisonten til Schwyz
Kommunevåpenet til Schwyz
Kommunevåpenet til Schwyz


Plassering
Schwyz is located in
Styresmakter
Land  Sveits
Kanton kantonen Schwyz
Distrikt Schwyz
Språk tysk
Borgarmeister Beat Bürgler
Geografi
Flatevidd
 - kommune

53,17 km²
Innbyggjarar
 - kommune (desember 2010)
   - folketettleik

14 423
  271,3 /km²
Koordinatar 47°1′0″N 8°39′0″E / 47.01667°N 8.65000°E / 47.01667; 8.65000
Høgd over havet 516 moh.
Diverse annan informasjon
Postnummer 6430
Nettstad: www.schwyz.ch

Namnet på staden Schwyz er første gongen nemnt i 972, og vart då skrive då «Suittes». Landsnamnet Sveits er avleidd frå stadnamnet Schwyz.

Hovudnæringane i byen er turisme, tekstil- og sementvareindustri. Han har fleire bygg frå 1600- og 1700-talet. St. Martin-kyrkja frå seinbarokken er med den rike utsmykkinga si ei av dei festlegaste barokkyrkjene i Sveits. Det historiske museet i byen inneheld dei eldste dokumenta som førte til grunnlegginga av Sveits, Bundesbrief av 1291. Det står eit minnesmerke over Arnold Winkelried i byen, helten frå slaget ved Sempach i 1386.

Franz Heinzer er frå Schwyz.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  NODES
os 1