Segre er ei sideelv til Ebro med nedslagsfelt som dekkjer delar av Frankrike, Andorra og Spania.

Segre
elv
Segre i Lleida
Land  Spania,  Frankrike  Andorra
Nedslagsfelt 22 579 km²
Lengd 261 km
Middelvassføring 100,20 /s
Kjelde Pyreneane
42°24′8″N 2°6′31″E / 42.40222°N 2.10861°E / 42.40222; 2.10861 (source Segre)
 •  høgd 2 400 moh.
Munning Ebro
41°21′42″N 0°18′15″E / 41.36167°N 0.30417°E / 41.36167; 0.30417 (Ebro-Segre)
Kart
Segre
42°24′09″N 2°06′30″E / 42.4025°N 2.1084°E / 42.4025; 2.1084
Nedslagfeltet til Segre
Nedslagfeltet til Segre
Nedslagfeltet til Segre
Wikimedia Commons: Segre River

Segre, som dei gamle romarane og grekarane kalla Sicoris, spring ut på nordsida av Puigmal de Segre i det franske departementet Pyrénées-Orientales i dei katalanske Pyreneane.[1] Ho renn så vestover til Cerdanyadalen (Cerdagne) og gjennom byen Saillagouse, den spanske eksklaven Llívia og Bourg-Madame.

Ho renn inn i Spania ved Puigcerdà og held fram vestover til La Seu d'Urgell, der ho møter Valira frå Andorra. Frå her snur ho sørvestover gjennom lågberga ved Pyrenane (med fleire dammar) og dei vestlege slettene i Catalonia. Ho renn gjennom Balaguer, Lleida og munnar ut i Ebro ved Mequinenza.

Av sideelvar finn ein Valira (frå Andorra), Noguera Pallaresa, Noguera Ribagorçana og Cinca.

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Segre

Kjelder

endre
  1. Géoportail, arkivert frå originalen 15. desember 2010, henta 30. april 2009 
  NODES
mac 1
multimedia 1