Selbjørn er den nest største øya i Austevoll kommune i Vestland. På austsida ligg Bekkjarviksund, der Selbjørnsbrua går over til Huftarøy og på vestsida ligg Stolmesund der Stolmabrua går til Stolmen. Selbjørnsfjorden ligg på sørsida av øya med Fitjar og Fitjarøyane på andre sida.

Selbjørn
Selbjørn med Selbjørnsfjorden til høgre.
Selbjørn med Selbjørnsfjorden til høgre.
Geografi
Stad Austevoll
Koordinatar 59°59′N 5°10′E / 59.983°N 5.167°E / 59.983; 5.167

Areal 25 km²

Høgaste punkt Kongsfjellet (185 moh.)

Administrasjon
Land Noreg
Fylke
Kommune
Vestland
Austevoll
Største busetnad Bekkjarvik (575 innb.)

Demografi
Folketal 956 (2006)
Folketettleik 38,2 /km²

Fram til 1964 høyrde søraustsida av Selbjørn til Fitjar kommune, medan nordsida var ein del av Austevoll

Den største tettstaden er Bekkjarvik, som er ein gamal handelsstad med gjestgiveri, og av andre grender finn ein Salthella, Rabben, Grasdal og Gauksheim.

Tidlegare namn på øya er Salbjorn i Norre-Edda og Fornmannasoger. I 1567 vart namnet skrive Søldbiønn og i 1723 Sælbiørn. Ein meiner at namnet kanskje er eit tabunamn, og at namnet tidlegare kan ha hatt eit anna dyrenamn. Fiskarar skulle til dømes ikkje nemna ordet «katt» når dei var ute på havet, og dei kunne i staden seie «klodyret» eller «Salens bjørn», sidan katten høyrde til salen eller stova. Om Selbjørn ein gong vart kalla noko med katt, så skulle ikkje namnet nemnast.[1]

Folketalsutvikling:

1801[2] 1900[3] 2000[4] 2023[4]
304 590 9591 10811

1Med Lunnøya

Fotnotar

endre
  1. Austevoll Gard og Ætt I, side 11
  2. Folketeljing 1801, frå Digitalarkivet
  3. Folketeljing 1900 for Austevoll herred, frå Digitalarkivet
  4. 4,0 4,1 Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå
  NODES
admin 1