Sepiolitt er eit magnesiumhaldig leirmineral med kjemisk formel Mg4Si6O15(OH)2·6H2O, eit sjiktgittersilikat med framtredande kjedestruktur. Det opptrer i massiv form som merskum. Det kan òg vere bestanddel av einskilde former for bergkork, bergtre og liknande.

Sepiolitt

Ein prøve av sepiolitt
Generelt
KategoriFylosilikat
Kjemisk formelMg4Si6O15(OH)2·6H2O
Strunz-klassifisering09.EE.25 Enkle, tetraeder-nett av ringar i grupper på seks
Dana-klassifisering74.03.01b.01 Palygorskite-sepiolittgruppa
KrystallsymmetriOrtorombisk 2/m2/m2/m
Einingscellea = 5,21 Å, b = 26,73 Å, c = 13,5 Å; Z = 4
Identifikasjon
FargeGråaktig kvit, kvit, kvit med ein gulaktig eller raudaktig tone; blågrøn
KrystallformKompakt kuleforma, jordaktig, leiraktig, massiv; sjeldan fin trådaktig langs [001]
KrystallsystemOrtorombisk - Dipyramidal
Mohs hardleiksskala2
GlansMatt, jordaktig
StrekfargeKvit
TransparensUgjennomsiktig
Spesifikk vekt2; tørre porøse massar flyt på vatn
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparToaksa (-)
Brytingsindeksnα = 1,520 nβ = 1,520 nγ = 1,530
Dobbeltbrytingδ = 0,010
2V-vinkelMålt: 20° til 70°, Utrekna: 18°
Kjelder[1][2][3]

Det vart først skildra i 1847 etter ein førekomst i Bettolino i Baldissero Canavese i provinsen Torino i Piemonte i Italia. Namnet kjem av likskapen til dei porøse beina til ein akkar frå det greske, sepion.[2]

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Sepiolitt
  NODES
os 1
web 1