Septiktank
Ein septiktank er eit kammer av betong, glasfiber eller plast som kloakk frå hushaldning kan renne gjennom for å bli reinsa.[1] Eit septiktank-anlegg er ei enkel form for kloakkrenseanlegg. Det er vanlegare å installere tankar nede i jorda enn oppå jordoverflata.[2]
Bruk
endreEin septiktank kan ha eit eller fleire kammer. Septiktank-anlegg har gjerne slamavskiljar, og avløpsvatnet renn gjerne frå den til infiltrasjonsgrøft.
Septiktankar med eit kammer blir berre nytta til lagring. Reinsing og drenering er ikkje ein funksjon i desse tankane.
Det er vanleg å ha septiktankar med to kammer. Desse har to brønnar, gjerne med diameter frå 0,7 til 2 meter, og høgd på 0,9 meter.
Slamavskiljar
endreSlamavskiljarar har same funksjon som ein septiktank, men slamavskiljar er gjerne større einingar som er oppdelt i fleire kammer.[3] Ein slamavskiljar tek imot avløp frå dusj, vask og WC.[4] Avløpsvatnet passerer frå kammer til kammer og i denne prosessen blir flyteslam og synkeslam halde tilbake i tanken.[4]
Sjå også
endreKjelder
endre- ↑ Tilley, Elizabeth; Ulrich, Lukas; Lüthi, Christoph; Reymond, Philippe; Zurbrügg, Chris. «Septic tanks». Compendium of Sanitation Systems and Technologies (2. utg.). Duebendorf, Switzerland: Swiss Federal Institute of Aquatic Science and Technology (Eawag). ISBN 978-3-906484-57-0.
- ↑ Above Ground Septic Tank. Laundry-alternative.com. Vitja 12. januar 2020
- ↑ Barlindhaug, John. (20. juni 2018). «slamavskiller». Store norske leksikon. Henta 12. januar 2020.
- ↑ 4,0 4,1 «Slamavskiller». Arkivert versjon, [1]. hyttetorget.no. Vitja 5. januar 2020
- Denne artikkelen bygger på «Septic tank» frå Wikipedia på engelsk, den 12. januar 2020.