Sha'ar HaGolan
Sha'ar HaGolan (hebraisk שַׁעַר הַגּוֹלָן, tyder Porten til Golan) er ein kibbutz ved foten av Golanhøgdene i Jordandalen nordaust i Israel. Han ligg mindre enn 1 km frå grensa til Jordan og høyrer til Emek HaYarden regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 504.
Sha'ar HaGolan | |||
kibbutz | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Region | Golanhøgdene | ||
Distrikt | Nord distrikt | ||
Kommune | Emek HaYarden | ||
Koordinatar | 32°41′11.4″N 35°36′11.87″E / 32.686500°N 35.6032972°E | ||
Folketal | 570 (2015) | ||
Grunnlagd | 21. mars 1937 | ||
• Grunnlagd av | Tsjekkoslovakiske og polske Hashomer Hatzair-medlemmar | ||
Tilhøyrsle | Kibbutzrørsla | ||
Sha'ar HaGolan 32°41′11″N 35°36′12″E / 32.6865°N 35.603297222222°E | |||
Kart som viser Sha'ar HaGolan.
| |||
Wikimedia Commons: Shaar HaGolan | |||
Nettstad: www.shaar-hagolan.co.il |
Historie
endreSha'ar HaGolan vart grunnlagd den 21. mars 1937 av medlemmar av Hashomer Hatzair ungdomsrørsle frå Tsjekkoslovakia og Polen. Grunnleggjarane møttest og vart organiserte som eit lag i 1930 i Rishon LeZion og vart kalla «Ein Hakore» fram til 1937, då dei oppretta kibbutzen som ei tårn og palisade-busetjing.
Under slaget i Kinarotdalen i den arabisk-israelske krigen i 1948, måtte forsvararane i kibbutzen, i tillegg til dei i nabokibbutzen Masada, trekkje seg attende på grunn av mangel på forsterkingar og ordrar. Kibbutzenim vart erobra og for ei kort stund halde av den syriske hæren. Dei vart då plyndra og sette i brann.[1]
Arkeologi
endre- For meir om dette emnet, sjå Yarmouk-kulturen.
Utgravingar ved Sha'ar HaGolan har avdekt ein 8 000 år gammal landsby og ein har funne dei eldste keramikkgrytene som er funne i ISrael. Denne landsbyen frå yngre steinalder var busett av folk som gav opp ein nomadisk livsstil til fordel for permanent busetnad, og markerte ei endring frå jakt- og samling til jordbruk.[2]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Sha'ar HaGolan» frå Wikipedia på engelsk, den 22. februar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ sionist mytologi destroys its children Haaretz, 6. april 2006
- ↑ Vered, Ronit. «For All Tastes». Haaretz.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad
- El Mul Golan Arkivert 2005-09-21 ved Wayback Machine.