Sjeherasad

figur frå Tusen og ei natt

Sjeherasad (persisk: ‏شهرزاد‎ šahrzād, betyr «av høg byrd») er den kvinnelege hovudpersonen og forteljaren i rammeforteljinga i den arabiske/persiske eventyrsamlinga Tusen og ei natt.

Sjeherasad

Sjeherasad, oljemåleri av Sophie Anderson.
Opptrer iTusen og ei natt
EktefelleSjeheriar

I rammeforteljinga er det ein persisk konge som opplever at kona er utru mot han. For å hindra at denne vanæra skal skje igjen, giftar han seg med ei ny jomfru kvar kveld, og halshøgg henne når morgonen kjem. Til slutt klarer ikkje vesiren hans finna fleire unge kvinner av høg byrd han kan gifta seg med, og veit ikkje si arme råd. Ei av døtrene hans, Sjeherasad, seier ho kan gifta seg med kongen. Den fyrste natta med kongen ber ho om å få ta avskjed med syster si, Dunyasad. Denne berre henne om å fortelja ei historie. Det gjer Sjeherasad, og kongen lyttar. I midten av forteljinga stoppar Sjeherasad, og seier det er for seint. Kongen er desperat etter å høyra slutten, og utset avrettinga hennar ein dag til.

Det same gjentek seg neste natt, og vidare bortetter. På denne måten overlever Sjeherasad, natt etter natt, medan kongen ventar i spenning på neste forteljing. 1001 netter seinare har ikkje kongen berre blitt underhalden, men forteljingane har òg gitt han visdom og betre moral. Ved å fortelja historier reddar Sjeherasad ikkje berre sitt eige liv, men også livet til mange andre som blir spart for vreiden til kongen.

I kulturen

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Sjeherasad
  NODES
Project 1