Skeise-VM 1976 for kvinner

Verdsmeisterskapen på skeiser 1976 for kvinner fann stad på Gjøvik stadion i Noreg 21. og 22. februar 1976. 29 utøvarar frå 11 land deltok i stemnet, av dei tre frå arrangørlandet. Meisterskapen i firkamp bestod av dei fire øvingane 500 m, 1000 m, 1500 m og 3 000 meter.

Sylvia Burka frå Canada vart verdsmeister framom sovjetiske Tatjana Averina. Sheila Young frå USA var snøggaste utøvar både på 500 meter og 1000 meter. Verdsmeister Burka fekk bestetid på 1500 m, medan Karin Kessow frå Aust-Tyskland sigra på den avsluttande 3000-meteren.

Skeise-VM 1976

endre
Plass Utøvar Land Poeng
Gull Sylvia Burka  Canada 184,840
Sølv Tatjana Averina  Sovjetunionen 185,283
Bronse Sheila Young  USA 186,540
4 Sitje van der Lende  Nederland 186,580
5 Paula Halonen  Finland 186,716
6 Sylvia Filipsson  Sverige 186,766
7 Karin Kessow  Aust-Tyskland 187,425
8 Lisbeth Korsmo  Noreg 187,932

Dato: 21./22. februar 1976

Kjelder

endre
  NODES