Skift- og turnusarbeid

Skift- og turnusarbeid er planmessig arbeid på ulike tider av døgnet. Eit tredelt system er vanleg. I industrien vil ein ofte dele døgnet i tre like delar på åtte timar, med ei dagvakt som startar seks eller sju om morgonen. I helsevesenet og transportnæringa vil ein ofte finne meir uregelmessige system av di arbeidsbelastinga er ulik gjennom døgeret.

Arbeidstida for skift- og turnusarbeidarar er regulert av arbeidsmiljøloven.[1] Der blir omgrepa «døgnkontinuerlig skiftarbeid» og «helkontinuerlig skiftarbeid» nytta, begge med tillegget «sammenlignbart turnusarbeid». Arbeidstida for desse gruppene skal ikkje overstige 38 timer i veka for døgnkontinuerleg og 36 timer i veka for heilkontinuerleg skiftarbeide, mot normalt 40 timer i veka. I dei fleste tariffavtalar er dette sett ned til 37,5, 35,5 og 33,6 timer/veke.

Omgrepa skiftarbeid og turnusarbeid, og heil- og døgnkontinuerleg skiftarbeid er ikkje definert i lova. Ei avtale mellom Landsorganisasjonen og Næringslivets Hovedorganisasjon frå 1974 definerer arbeid med minst 539 timer nattarbeid og minst 231 timer arbeid på sundagar kvart år (dagens tal) som heilkontinuerlig skiftarbeid. Arbeidstilsynet har teke over denne definisjonen. Nattarbeid er definert som arbeid mellom kl. 2100 og kl. 0600.

Definisjonane gjer at industriarbeidarar ofte blir definert som heilkontinuerlege skiftarbeidarar, mens helsevesentilsette blir jamstilt med døgnkontinuerlege skiftarbeidarar. Dette blir karakterisert som kjønnsdiskriminering og urettvis handsaming av fagforeiningar i helsevesenet[2], noko Likestillingsombodet har støtta.

Skift- og turnusarbeid gjev risiko for helseskade.[3] Verdsorganisasjonen for helse (WHO) har i desember 2007 erklært skiftarbeid, spesielt nattarbeid, som sannsynleg årsak til kreft hjå menneske.[4]

Kjelder

endre
  1. Arbeidsmiljøloven §10
  2. Dette mener NSF om skift/turnus[daud lenkje]
  3. Søkelys på skiftarbeid Arkivert 2007-10-12 ved Wayback Machine. frå tidsskriftet Arbeidervern
  4. http://www.iarc.fr/ENG/Press_Releases/pr180a.html Arkivert 2008-04-11 ved Wayback Machine. «Shiftwork that involves circadian disruption is “probably carcinogenic to humans”.»
  NODES