Småmarimjelle (Melampyrum sylvaticum) er ei eittårig urt i snylterotfamilien med ei europeisk utbreiing. Arten har før vore rekna til maskeblomfamilien.

Småmarimjelle
Småmarimjelle
Småmarimjelle
Status
Status i Noreg: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophytes
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Leppeblomordenen Lamiales
Familie: Snylterotfamilien Orobanchaceae
Slekt: Marimjelleslekta Melampyrum
Art: Småmarimjelle M. sylvaticum
Vitskapleg namn
Melampyrum sylvaticum

Planta er 15 cm høg med ein oftast lite greina stengel. Blomen har ei gullgul krone som er kring 8 mm lang. Han har grann kronrøyr som ikkje er lengre enn dei trekanta begertennene. Kapselen har oftast to frø.

Småmarimjelle er heimleg og blømer kring juli i skogen og langt opp på fjellet over heile Noreg. Arten er funnen opp til 1350 m i Jotunheimen.[1]

Kjelder

endre
  1. Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 941. 
  • Tysk Wikipedia.
  NODES
os 2