Small Isles
Small Isles (skotsk-gælisk Na h-Eileanan Tarsainn)[1] er ei lita øygruppe i Indre Hebridane utanfor vestkysten av Skottland. Dei ligg sør for Skye og nord for Mull og Ardnamurchan – det vestlegaste punktet på det skotske fastlandet.
Dei fire største øyane er Canna, Rùm, Eigg og Muck. Den største er Rùm med eit areal på 105 km².
Øyane er i dag ein del av Lochaber i regionen Highland. Fram til 1891 var Canna, Rùm og Muck ein del av grevskapetArgyll, Eigg høyrte til Inverness-shire og heile Small Isles låg i Inverness-shire frå 1891 til 1975. Det gæliske namnet tyder bokstavaleg «krossøyane» og syner til plasseringa deira mellom Morar og The Uists.[1]
Mindre øyar i øygruppa rundt dei fire større er:
- Sanday ved Canna;[2]
- Eilean Chathastail, nær Eigg og
- Eilean nan Each (Horse Island), nær nordsida av Muck
Det ligg òg fleire holmar og skjer
- Hyskeir
- Garbh Sgeir,
- Eagamol, nær Eilean nan Each
- Humla og
- to stader som heiter Dubh Sgeir
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Small Isles» frå Wikipedia på engelsk, den 21. februar 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Iain Mac an Tàilleir. «Placenames» (PDF). Pàrlamaid na h-Alba. Henta 21. februar 2010.
- ↑ «History of Canna». Arkivert frå originalen 29. juni 2007. Henta 21. februar 2010.