Sottomarina er ei øy og ein del av kommunen Chioggia i provinsen Venezia i Veneto nord i Italia. Som Venezia har øya mange kanalar.

Historie

endre

Sottomarina vart kalla Clodia minor600-talet. Byen vart styrt av ein tribun og var forbunde til Chioggia via ei steinbru. Brua vart øydelagd i 1379 under Chioggiakrigen mellom Republikken Genova og Republikken Venezia. Øya vart då folketom.

Ho vart først busett igjen på 1600-talet. I dag er Sottmarina ein turistattraksjon og har mange hotel, campingplassar og private bustadar. Ein gong hadde Sottmarina sine eigne lover og styresett, men er i dag ein del av Chioggia.

Bakgrunnsstoff

endre

Kjelder

endre

45°13′N 12°18′E / 45.217°N 12.300°E / 45.217; 12.300

  NODES