Space rock, eller «romrock», er ein undersjanger av progressiv rock.

Sjangeren oppstod tidleg på 1970-talet, då band som Pink Floyd og Hawkwind kombinerte psykedelisk musikk med progressiv rock. Space rock er kjenneteikna av lange, flytande låtar som ofte bygger på lange jammar og innslag av frijazz. Mange av banda var òg inspirerte av indisk og austleg musikk, og det var vanleg å nytta tidlege synthesizer, forvrengde røyster og mykje ekko for å skapa ei kjensle av verdsrommet.

Sjølv om sjageren hadde ei stordomstid på byrjinga av 1970-talet med Pink Floyd, Hawkwind og Gong som dei fremste utøvarane, har sjangeren halde fram med å bli spelt seinare, til dømes av Porcupine Tree og Ozric Tentacles. Frå Skandinavia er mellom anna Øresund Space Collective knytt til sjangeren.

Kjelder

endre
  NODES
musik 3
os 1