Spenningshovudverk

Spenningshovudverk, stresshovudverk eller tensjonshovudverk, i ålmenta kalla vanleg hovudverk eller berre hovudverk, er den vanlegaste forma for hovudverk.[1] Smerta kan spreie seg frå nedre rygg til hovudet, nakken, augene og andre muskelgrupper i kroppen. Spenningshovudverk utgjer nesten 90% av alle typar hovudverk.

Ei kvinne med spenningshovudverk

Fleire lækjemiddel har vist seg å verke førebyggjande, inkludert trisykliske antidepressiva og selektive serotoninreopptakshemmarar (SSRI).[1][2] Prova for propranolol og muskelrelakserande er dårlege.[3]

Spenningshovudverk påverkar nesten 1,4 milliardar menneske (20,8% av verdspopulasjonen), og er vanlegare hjå kvinner enn hjå menn (høvesvis 23% mot 18%).

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 «T6.2.3 Spenningshodepine (Tensjonshodepine)». Norsk legemiddelhåndbok. 22. mai 2013. Arkivert frå originalen 8. januar 2015. Henta 7. januar 2015. 
  2. Jackson JL, Shimeall W, Sessums L; et al. (2010). «Tricyclic antidepressants and headaches: systematic review and meta-analysis». BMJ 341: c5222. 
  3. Verhagen AP, Damen L, Berger MY, Passchier J, Koes BW (April 2010). «Lack of benefit for prophylactic drugs of tension-type headache in adults: a systematic review». Fam Pract 27 (2): 151–65. 
  Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
  NODES