Stål

legering av jern (og karbon)
Sjå òg namnet Stål

Stål er ei legering med jarn og karbon som dei viktigaste elementa. Det er eit sterkt metall med mange bruksområde, som konstruksjon og i reiskapar og våpen. I Noreg blir det produsert stål i Mo i Rana og på Jørpeland.

Stålarmband.
Former blir fylte med stål i Pittsburg i Pennsylvania, ca. 1905.

Oppbygging

endre

Den klassiske definisjonen er at stål er jern-karbon-legeringar med opp til 2,1 prosent karbon. Karbonet, som legg seg mellom jernatoma i krystallgitteret, hindrar desse i å skli frå kvarandre. Karbonatoma vil også påverka fasetransformasjonane i metallet, slik at stålet blir meir herdbart.

Mengda av karbon i legeringa bestemmer kva eigenskapar stålet får. Stål med høgt karboninnhald kan gjerast sterkare og hardare enn jern, men blir òg sprøare.

Andre legeringselement kan vera mangan, krom eller nikkel.

Typar

endre

Det finst fleire typar stål, dei mest vanlege er:

Når karboninnhaldet i jern er høgare enn 2,1% blir legeringa kalla støypejern.

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Stål
  Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
  NODES
os 4